Logoen til Helsedirektoratet

Helsedirektoratet er ein del av staten, som skal gi råd om helse til alle som bor i Noreg. Dei gir også råd til politikarar som jobbar med helse.

Nokre av råda dei gir handlar om kosthald og kva ein bør ete for å halde seg sunn og frisk. Eit av dei råda seier at alle bør ete fisk til middag minst to gonger i veka. Eit anna råd er å ete fem porsjonar frukt og grønsaker i løpet av ein dag.

Det er også Helsedirektoratet som gir godkjenning til at folk kan jobbe i helsevesenet i Noreg. Til dømes er det dei som bestemmer at ein som har studert medisin på eit universitet kan blir godkjend som lege.

Les mer i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge