Minister er det ein kallar den politiske leiaren av eit departement. Nokre departement blir leia av to ministrar.

I Noreg er alle ministrane er med i regjeringa. Det er statsministeren som vel kven som får vere med i regjeringa.

Eigentleg har den som leiar et departement tittelen statsråd. Det er berre statsministeren og utanriksministeren som har tittelen minister. Det er likevel vanleg å kalle alle som leiar et departement for minster. Ein bruker å sette namnet på departementet saman med ordet minister, for eksempel finansminister, kulturminister og kunnskapsminister.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge