Faktaboks

Også kjend som

soge

Bilde av Njåls saga.

Sagaene blei skrivne ned for hand i det som blir kalla handskrifter. Dei eldste ein kjenner til, er frå 1100-talet. Biletet viser ei side frå Njåls saga.

Bilde av Njåls saga.
Av .

Saga er ei norsk-islandsk forteljing frå mellomalderen. På norrønt tyder ordet saga nett forteljing eller historie, og det gjer ordet framleis på Island den dag i dag.

Sagaene blei skrivne ned frå 1100-talet og framover. Men mange av dei handlar om perioden frå 800-1100-talet. Handlinga er ofte lagt til Noreg og Island. Sagaene er dei viktigaste kjeldene til å lære om vikingtida.

Det fanst mange ulike typar sagaer. Dei mest kjende sagatypane er:

Kongesagaer

Ei kongesaga handla om livet og bragdane til ein konge.

Heimskringla er ei kjend samling med kongesagaer. Der veit ein at forfattaren var islendingen Snorre Sturlason (1179-1241). Døme på kongesagaer frå Heimskringla er Harald Hårfagres saga og Håkon den godes saga.

Islendingesagaer

TEgning av Egil Skallagrimsson med rød drakt, blå kappe og sverd i hånden.

Egil Skallagrimsson var ein islandsk høvding og skald. Livet hans blir skildra i Egils saga, ein av dei største islandske ættesagaene. Teikninga er eit blad frå ei 1600-talsutgåve av sagaen.

Tegning av Egil Skallagrimsson
Av .

Islendingesagaene handla om livet til folk på Island. Før blei dei også kalla ættesagaer. Ei ætt er ei slekt. Strid, vald og hemn er typiske for desse sagaene. For å få og oppretthalde ære var hemd naudsynt om ein blei krenka. Utan ære var ikkje livet noko verd

Draumar, tyding av draumar og trua på lagnaden speler ei viktig rolle i sagaene. Når ein skulle døy, var til dømes bestemt av lagnaden.

Den meste kjende av islendingesagaene er Njåls saga, som er ei historie om livet og familien til Gunnar frå Lidarende og venen hans, Njål.

Andre typar sagaer

Ein skreiv òg andre typar sagaer i mellomaldaren, som til dømes biskopssagaer (om viktige biskopar på Island), helgensagaer (om heilage menneske) og riddarsagaer. Riddarsagaer er forteljingar om framifrå riddarar som er oversett til norrønt frå gamalfransk.

Betydning

Sagaene blir sett på som stor kunst, og dei har ein sentral plass i litteraturhistoria. Mange kjende forfattarar gjennom tidene har hatt sagalitteraturen, særleg islendingesagaene, som førebilete.

Sagaene har hatt mykje å seie som historiske kjelder, sjølv om det kan vere vanskeleg å vite kor truverdig innhaldet deira er. Tidlegare meinte historikarane at sagaene blei fortalt munnleg gjennom fleire generasjonar før dei blei skrivne ned. No meiner dei fleste at sagaene er frå mellomaldaren, sjølv om handlinga deira kan liggje langt tilbake i tid.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Hilde Bliksrud
Det Norske Akademis ordbok