P-stav
P-stav
Av /Shutterstock.

P-stav er ein type prevensjon som inneheld hormon. Sjølve staven er laga av plast og omtrent like stor som ein fyrstikk. Staven blir sett inn under huda på overarmen med ei sprøyte. Det er berre kvinner og jenter som kan bruke denne typen prevensjon. P-stav er den sikraste formen for prevensjon, men han vernar ikkje mot kjønnssjukdommar.

P-staven inneheld hormon som gradvis slepp ut i blodet. Hormona stoppar eggløysing, og då kan ein ikkje bli gravid.

For å sette inn eller ta ut ein p-stav, må ein gå til lege, helsesjukepleiar eller jordmor. Ein stav kan sitte i armen i tre år.

Prevensjon med hormon

Prevensjon med hormon verkar i kroppen på fleire måtar. Nokon bruker prevensjon som medisin. Hormona kan hjelpe dersom ein har vondt eller blør mykje under mensen. Hormona kan også hjelpe mot kviser og PMS.

Prevensjon med hormon kan også ha plagsame eller negative biverknader. Den vanlegaste er at mensen kjem mindre regelmessig. Enkelte opplever endra humør av prevensjon. Dei fleste biverknadar går over etter nokre månader.

For å få hormonell prevensjon må ein få resept frå ein lege.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Støkken Dahl
Lege