Faktaboks

Også kjend som

premenstruelt syndrom

Foto av kvinne med varmeflaske på magen

Nesten alle kvinner har plager i dagane før mensen. Mange har vondt i magen. Nokon bruker ei varmeflaske med varmt eller kaldt vatn for å lindre smerta. Ein del har så vondt at dei treng smertestillande eller hjelp frå ein lege.

Foto av kvinne med varmeflaske på magen
Av /Shutterstock.

PMS står for «premenstruelt syndrom». PMS er plager som kjem i dagane før kvar mens. Plagene kan vere både fysiske og psykiske.

Nesten alle jenter og kvinner blir litt plaga med PMS i dagane før mensen. Dei fleste har lette plager. Men nokon har så sterke plager at det går hardt ut over kvardagslivet.

Symptom

PMS-plagene kjem før kvar mens. Dei kjem etter eggløysing, og sluttar heilt når mensen kjem.

Døme på plager:

  • kvalme
  • å bli irritert
  • vondt i hovudet
  • å bli nedfor
  • depresjon
  • at humøret svingar
  • uro og gråt
  • at kroppen er oppblåsen
  • vondt i magen
  • ømme puppar

Behandling

Behandlinga mot PMS kjem an på kva plager ein får. Dersom ein har veldig vondt eller store plager, bør ein gå til fastlegen for å få hjelp.

Til dømes kan smertestillande hjelpe mot hovudverk eller vondt i magen. Dersom problemet er depresjon, kan det hjelpe å snakke med ein psykolog eller få medisinar mot det.

Mange får mindre plager med PMS når dei bruker prevensjon med hormon, som p-piller.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Støkken Dahl
Lege