Kirurg i sjukehusklede, hårnett og munnbind arbeider med ei saks på ein pasient. Hen har på seg hanskar med litt blod på, og to par briller så hen kan sjå godt.

Ein kirurg er ein lege som er spesialist i å operere på menneske. Under ein operasjon kan kirurgen til dømes fjerne ein svulst eller byte ut eit ledd som er slitt og øydelagt. Kirurgar jobbar ofte på sjukehus.

Foto
Av /Shutterstock.

Kirurg er ein lege som er spesialist i sjukdommar på menneske som kan behandlast med kirurgi. Det betyr at kirurgar behandlar sjukdommar og skadar med operasjonar.

Også andre typar legar kan operere, men då er det stort sett snakk om mindre skadar eller problem i huda. Tannlegar kan operere i munnen. Det er berre kirurgar som utfører større operasjonar.

Legar har mykje ansvar, difor er både lege og spesialist i kirurgi beskytta titlar. Det betyr at dei som vil jobbe som kirurgar, må ha rett utdanning og bli godkjend av staten før dei kan få jobb. Kirurgar kan jobbe i det offentlege helsevesenet eller i det private.

Utdanning

For å bli kirurg må ein først bli lege. I Noreg må ein studere i seks år ved eit universitet for å bli lege. Så må ein ha nokre år der ein tek utdanning medan ein jobbar. Dei som skal bli kirurgar, jobbar på sjukehus saman med ferdige kirurgar. Mange kirurgar blir spesialistar på bestemde delar av kroppen, til dømes skjelettet eller kjønnsorgan.

Oppgåver

Ein kvinneleg kirurg viser ein pasient bilete frå ei ultralydundersøking. Ho bruker ein anatomisk modell av ei livmor som hjelpemiddel når ho forklarer dette til pasienten.

Kirurgen gir informasjon om sjukdommen og korleis dei har undersøkt pasienten. Ho forklarer kvifor det er tilrådd å operere. Pasienten skal gi samtykke til å bli operert, om det ikkje er akutt.

Kirurgen prater med pasienten
Av /NTB.
Helsepersonell står rundt ein pasient på eit operasjonsbord. To kirurgar held utstyr for kikholskirurgi. Små kamera inni kroppen til pasienten sender eit direktesendt opptak til ein skjerm ved fotenden av bordet, så kirurgane kan sjå kvar i kroppen dei skal skjera.

Ved kikhol-kirurgi opererer kirurgen medan han ser kva han gjer på ein skjerm.

Kikhol-kirurgi
Av /Shutterstock.

Operasjonar er ein stor del av det oppgåvene til kirurgane, men ikkje dei einaste. Nokre pasientar kjem rett til operasjon og reiser heim same dag. Andre ligg på sjukehus før og etter operasjonen. Då er det oppgåva til kirurgen å passe på dei.

Før operasjonen skal kirurgen passe på at pasienten får nok informasjon om operasjonen. Pasienten treng informasjonen for å gi samtykke. Kirurgen må òg vurdere om kroppen til pasienten toler operasjonen. Då må kirurgen samle informasjon om helsa til pasienten og gjere ei undersøking. Ofte samarbeider dei med andre legar og helsepersonell om å undersøkje pasienten.

Under ein operasjon er det mange menneske som samarbeider. Det er kirurgen som gjer sjølve operasjonen. Større operasjonar i kroppen kan ein gjere på fleire måtar. Ved ein open operasjon skjer kirurgen hol i huda, slik at hen får tilgang til organa inni kroppen. Andre gonger lagar hen små hol i huda og stikk inn eit kamera og dei instrumenta hen trengjer gjennom hola. Eit instrument kan for eksempel vere ein kniv eller ein pinsett. Kirurgen opererer medan hen ser kva hen gjer på ein skjerm. Dette blir kalla kikhol-kirurgi.

Det er kirurgen som er ansvarleg for å følgje opp pasienten i den første tida etter operasjonen. Hen må sjekke at pasienten ikkje har vorte sjuk eller har fått skadar etter operasjonen. Over tid må kirurgen og anna helsepersonell kontrollere at operasjonen verka som den skulle og at såra gror.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Geir Sverre Braut
Professor, Høgskulen på Vestlandet