Tannlege ser inn i munnen på pasient. Ein kan sjå ei spesiell lampe på ein svingarm og eit svingbart bord med instrument på.
Tannlegen må undersøke tennene. Det kan vere vanskelig å sjå godt inni munnen, så dei treng godt lys. Tannlegar har også utstyr til å hjelpe seg, som spegel og røntgenbilete.
Foto av kvinne hos tannlegen
Av /Shutterstock.

Tannlege er ein person som jobber med å førebyggje og behandle sjukdommar og skadar i munnen og i tennene.

For å jobbe som tannlege, må ein først ha rett utdanning og så bli godkjend av Staten. Utdanninga er å studere faget odontologi på eit universitet. Det tek normalt fem år.

Det er ikkje lov til å kalle seg tannlege dersom man ikkje har rett utdanning og godkjenning. Det er fordi tannlege er ein beskytta tittel. Tannlegar har teieplikt.

Oppgåver

Tannlegar driv både med førebyggjande arbeid og med behandling av sjukdom og skade. Dei jobbar ofte saman med tannpleiarar og tannhelsesekretærar.

Tannlegar jobbar mellom anna med:

  • å reparere hol i tennene
  • å fjerne tannstein
  • å behandle betennelse i tannkjøtet
  • å trekke tenner
  • å skifte eller reparere tenner som er øydelagde eller skada
  • å lære folk korleis dei skal stelle tennene sine
  • å sjekke korleis det står til med tennene hos alle barn

Nokre tannlegar er spesialistar. Dei som jobbar med tannregulering er spesialistar som blir kalla kjeveortopedar.

Nokre tannlegar jobbar med forsking eller undervisning.

Arbeidsplassar

Foto av tannlegestol og utstyr
Tannlegar har spesielt utstyr til å undersøke tennene med. Pasientane sit i ein stol som tannlegen kan leggje bakover og heise opp og ned. Ved sida av stolen er det eit svingbart bord med utstyr til å bore i tennene og til å suge opp spytt med.
Foto av tannlegestol og utstyr
Av /Shutterstock.

Hjelp med helsa er som oftast gratis i Noreg, men behandling hos tannlege er ikkje gratis for vaksne. Barn får gratis behandling hos offentlege tannlegar. Unge vaksne frå 19 til 24 år har rett på billigare tannpleie.

Det er fylka som har ansvaret for tannhelsa til barn og unge. Mange tannlegar jobbar derfor for fylket. Andre driv eigne, private firma.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ingvild J. Brusevold
Førsteamanuensis, ph.d., Universitetet i Oslo