Syv gutter som sitter og står. De har på seg skoleuniformer. På veggen bak dem henger et banner hvor det står "We go up".
Den koreanske popgruppa NCT Dream er ein del av den større gruppa NCT.
Foto av NCT Dream.

K-pop betyr «koreansk pop» og er en type popmusikk frå Sør-Korea. Artistar som syng k-pop blir kalla idol. Idola er ofte med i ei jente- eller gutegruppe. Artistane i gruppa har ulike roller som viser kva dei er best til. Rollene kan for eksempel vere «leiar», «rappar» eller «dansar».

Kjenneteikn

Foto av BTS.
BTS har sidan 2018 vore det mest populære k-pop-bandet, også i Noreg. Her er gruppa etter at dei vann prisen Top Social Artist i Las Vegas i 2018.
Foto av BTS.
Av /Getty.

Idola syng på både koreansk og engelsk. Songane er inspirerte av mange ulike typer populærmusikk, som for eksempel R&B og rock. Folk frå heile verda skriv songar til gruppene.

Det er viktig å vere god til å danse i k-pop. Når gruppene har laga ein ny song deler dei musikkvideoen på YouTube. Etter at dei har delt musikkvideoen, legg dei ofte ut ein eigen dansevideo som viser danserutinen til songen. Mange fans bruker desse videoane til å lære seg dansen.

Å bli k-pop-idol

Ni jenter i kvite og rosa kjolar
K-popgruppa Girls' Generation er eit jenteband.
Foto av Girls' Generation.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Dei som vil bli k-pop-idol, går på audition hos eit byrå. Viss dei kjem vidare frå auditionen, får dei kontrakt med byrået og blir kalla «trainee». Det betyr at dei trener på å bli idol.

Etter eit par år som trainee vel byrået ut dei som får starte i ei k-pop-gruppe. Gruppa gir ut eit album og begynner å halde konsertar.

Historie

Sjangeren k-pop oppstod i Sør-Korea på 1990-talet. Den første k-popgruppa kom i 1992 og heitte Seo Taiji and Boys. Amerikansk hiphop inspirerte både musikken og klærne deira.

I 1996 bestemte ein av medlemmane i Seo Taiji and Boys seg for å starte eit plateselskap, YG Entertainment. To andre selskap blei starta omtrent samtidig: SM Entertainment og JYP Entertainment. Dei tre selskapa ønskte at den nye sjangeren k-pop skulle bli kjend i resten av verda. Etter nokre år var dei ikkje berre plateselskap. Dei var blitt byrå som fant nye talent, trente dei opp og ga ut plater.

Gruppa H.O.T. blei veldig populær i Kina. Idolet BoA blei veldig populær i Japan. Det tok lengre tid å få koreansk popmusikk til å bli populær i USA. Men i 2012 fekk Psy ein hit over heile verda med songen «Gangnam Style».

I 2013 starta gutegruppa som har hatt størst suksess, BTS. I 2018 hamna to av albuma deira, Love Yourself: Tear og Love Yourself: Answer, på førsteplass i USA.

I 2016 starta jentegruppa Blackpink. I 2019 blei videoen «Ddu-Du Ddu-Du» den første frå ei koreansk gruppe som hadde ein milliard avspelingar på YouTube.

Fans

Når eit byrå gir ut ei ny gruppe, lagar det også ein fanklubb. Dei mest kjende er ARMY, som er fanklubben til BTS, og BLINK, som er fanklubben til Blackpink. Fanklubbane er aktive på sosiale medium, særleg på Twitter.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet