Foto av hormonspiral
Hormonspiralen er ein T-forma bit plast. Når han sit i livmora, slipp han ut hormon i blodet.
Foto av hormonspiral
Av /Shutterstock.

Hormonspiral er ein type prevensjon, i form av ein liten plastbit som ser ut som ein T. Spiralen må setjast inn i kroppen. Hormon er bakt inn i plasten. Spiralen slepp hormon ut i blodet over tid.

For å få hormonspiral, må ein få resept av ein lege. Spiralen blir sett inn i livmora av ein lege, helsesjukepleiar eller jordmor. Det blir gjort under ei undersøking av underlivet. Kvar spiral kan sitje i livmora i tre til åtte år. Hormonspiral er ein sikker form for prevensjon.

Det er berre jenter og kvinner som kan bruke spiral. Denne typen prevensjon beskytter ikke mot seksuelt overførbare sjukdommar. Det finst også ein type spiral som ikkje inneheld hormon, typen heiter kobberspiral.

Prevensjon med hormon

Prevensjon med hormon verkar i kroppen på fleire måtar. Nokon bruker prevensjon som medisin. Hormona kan hjelpe viss ein har vondt eller blør mykje under mensen. Hormona kan også hjelpe mot kviser og PMS.

Prevensjon med hormon kan også ha plagsame eller negative biverknader. Den vanlegaste er at mensen endrar seg. Enkelte opplever endra humør av prevensjon.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Støkken Dahl
Lege