Dyskalkuli er ei diagnose. Personar som har dyskalkuli har store vanskar med å bruke tal og med å rekne med tal.

Dyskalkuli er arveleg, og er noko ein er fødd med. Folk får ikkje dyskalkuli fordi dei har fått for dårleg undervisning på skulen. Ein kan ikkje bli kvitt dyskalkuli, men ein kan lære seg teknikkar som gjer det lettare å arbeide med tal.

Om lag fem av hundre personar i Noreg har dyskalkuli.

Kjenneteikn

Personar med dyskalkuli har ofte vanskar med:

  • å forstå matematiske ord og uttrykk
  • å forstå tabellar og bruke informasjonen i dei til å rekne vidare
  • å vite korleis dei skal gå fram for å rekne ut noko
  • å rekne ut summar, for eksempel kor mykje noe koster og kor mykje pengar man skal få tilbake
  • å rekne i hovudet
  • at dei blandar saman tal

Utfordringar

Personar med dyskalkuli har store utfordringar med å lære seg å rekne. Dei strevar med å forstå korleis dei skal løyse ulike reknestykke.

Mange med dyskalkuli har store problem med å telje og å forstå talsystemet. For å kunne rekne, er det viktig å forstå at ulik rekkefølgje av siffera i eit tal gir ulike verdiar. Ein må for eksempel forstå kvifor 731 ikkje er det same som 137. Begge tala inneheld dei same tre siffera, men dei to tala har veldig ulik verdi. For ein person med dyskalkuli kan dette vere vanskeleg.

Personar med dyskalkuli må ofte telje på fingrane eller bruke andre hjelpemiddel kvar gong. Dei har ofte vanskar med å forstå undervisninga i matematikk.

Diagnose

For å finne ut om ein har dyskalkuli, må ein ta ulike testar hos ein spesialist. Foresatte eller læraren til en elev kan be om hjelp frå PPT. Der kan dei sette diagnosen.

Fleire av dei som har dyskalkuli har også andre diagnosar, som for eksempel dysleksi, ADHD eller autisme.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bernhard Weidle
Førsteamanuensis, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet