Faktaboks

Også kjend som

å plusse, å legge sammen

Illustrasjon addisjon.

Tala før og etter plussteikna er ledd, talet etter likskapsteiknet er summen.

Illustrasjon addisjon.
Av .

Addisjon er ein måte å rekne på, der ein legg saman tal. Symbolet for addisjon er pluss, +.

Resultatet av ein addisjon blir kalla summen.

Reknestykket 4 + 3 = 7 blir lese slik: 4 pluss 3 er lik 7. I eksempelet er summen 7. Tala 4 og 3 blir kalla ledda eller addendane.

Å leggje saman fleire tal blir kalla å summere tala. Det speler inga rolle i kva for ein rekkjefølgje ein legg saman tala. Til dømes er 3 + 4 det same som 4 + 3.

Addisjon er ein av dei fire reknemåtane (rekneartane). Dei andre er subtraksjon, multiplikasjon og divisjon.

Addisjon og subtraksjon er motsette reknemåtar. Til dømes er 4 + 3 = 7, og 7 − 3 = 4.

Les mer i Lille norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Aambø
Stipendiat i matematikk, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet