Faktaboks

Pytagoras
Fødd
570 fvt.
Død
500 fvt.
Levetidskommentar
omtrentlege fødsels-og dødsår
Tegning
Pytagoras fra Samos var viktig for utviklinga av gresk matematikk.
Tegning
Av .

Pytagoras var ein gresk matematikar, filosof og astronom. Han er mest kjend for Pytagoras' læresetning, sjølv om den regelen var kjend i andre kulturar før.

Pytagoras' tankar kom til å påverke mange seinare filosofar, mellom anna Platon og Aristoteles.

Pytagoras' setning

Figur som syner tre kvadrat.

Pytagoras' setning seier at arealet av det største kvadratet er lik summen av dei to andre kvadrata.

Illustrasjon
Av /Store norske leksikon ※.

Pytagoras er mest kjend for Pytagoras' setning. Det er ei læresetning i geometrien som beskriv forholdet mellom sidene i ein rettvinkla trekant.

Om dei to kortaste sidene i ein rettvinkla trekant blir kalla a og b, og den lengste sida blir kalla c, så seier Pytagoras' setning at a²+b²=c².

Bakgrunn

Pytagoras blei fødd på den greske øya Samos. Ein veit lite om livet hans, men sannsynlegvis reiste han mykje. Den filosofiske læra hans kjem kanskje av påverking frå reiser til Egypt og Babylonia.

Pytagorearane

Pytagoras grunnla ein eigen skule sør i Italia. Den var ei tid veldig populær og blei styrt av ei lita gruppe som blei kalla pytagorearane. Dei jobba både med filosofi og matematikk. Mykje av det pytagorearane heldt med på med var hemmeleg, difor veit ein ikkje så mykje om filosofien hass.

Filosofi

Det er vanskeleg å seie nøyaktig kva som var filosofien til Pytagoras. Det er fordi det ikkje finst tekstar i dag som han skreiv sjølv, og fordi pytagorearane heldt det dei fann ut hemmeleg. Alt ein veit om Pytagoras og ideane hans, kjem frå andre som har skrive ned det han sa seinare.

Det ein veit sikkert, er at Pytagoras var oppteken av matematikk og tal og at alt hadde noko med tal å gjere. Pytagoras meinte til dømes at talet 1 var eit symbol på gud og opphavet til alt.

Innan matematikk diskuterte pytagorearane naturlege tal og forholdet dei imellom, mellom anna primtal.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Aambø
Stipendiat i matematikk, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet