Foto av Ojala innendørs i et rom som ligner på vandrehallen på Stortinget. Hun har kort brunt hår og strikket jakke i svart og hvitt.
Partileder for Pasientfokus, Irene Ojala, inne på Stortinget.
Irene Ojala
Av /NTB.

Pasientfokus er ei norsk politisk liste. I 2024 har Pasientfokus ein representantStortinget. Til forskjell frå eit politisk parti har Pasientfokus berre éi hovudsak. Dei vil ha sjukehus i byen Alta i Finnmark.

Irene Ojala er leiar av lista, og deira representant på Stortinget.

Politikk

Pasientfokus vil har sjukehus i Alta fordi det er den største byen i Finnmark. Dei vil at dei som bur i fylket skal sleppe å reise langt til nærmaste sjukehus.

Dei er særleg oppteke av nokre grupper som dei meiner treng kortare veg til sjukehus:

  • eldre menneske
  • dei som skal føde
  • dei som plutseleg blir sjuke

Makt og popularitet

Ved stortingsvalet i 2021 fekk Pasientfokus nesten 13 prosent av stemmene i Finnmark. Dei fekk flest stemmer i kommunane Alta og Kautokeino.

Sidan Pasientfokus ikkje er eit politisk parti er det ikkje mogleg å bli medlem. Men ein kan gje støtte i form av pengar til Stiftelsen Alta sjukehus.

Historie

I 2017 starta nokre menneske i Finnmark ein aksjon. Dei skreiv postkort til politikarane på Stortinget og fortalde om kor vanskeleg det var å ha lang veg til sjukehuset. Nokre av dei heldt fram med å jobbe for eit nytt sjukehus. I 2021 bestemde dei seg for å starte ei liste som dei kalla Pasientfokus.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge