Faktaboks

Amalie Skram

Berta Amalie Alver Skram

Fødd
22. august 1846, Bergen
Død
15. mars 1905, København, Danmark
Amalie Skram
Forfattaren Amalie Skram
Amalie Skram
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
Hellemyrsfolket, bokomslag.
Hellemyrsfolket er ein serie av fire romanar. Det er eit svært viktig verk i norsk litteraturhistorie.
Fotografi
Gyldendal.

Amalie Skram var ein norsk forfattar. Ho er mest kjend for Hellemyrsfolket, som er ein serie romanar.

Skram er spesielt kjend for slektsromanane sine og for romanar om ekteskap og psykisk sjukdom. Ho skreiv også forteljingar for barn, noveller og skodespel.

Ho skreiv realistiske skildringar av menneske og miljø og var med på å utvikle den moderne romanen i Noreg.

Bakgrunn

Amalie Skram fikk navnet Berthe Amalie Alver då ho blei født. Ho voks opp i Bergen med åtte søsken. Då ho var 16 år gammal, gjekk faren konkurs og flytta til USA. Berre 18 år gammal gifta Amalie seg med ein sjøkaptein. Han tok familien med seg på lange sjøreiser. Skram brukte erfaringane sine derfrå i fleire romanar.

Amalie blei seinare skild, og gifta seg med den danske forfattaren Emil Skram. Ho budde i København til ho døde, 58 år gammal.

Amalie Skram sleit psykisk og var fleire gonger innlagd på sjukehus for å få hjelp. Dette var noko ho skreiv om i fleire av bøkene sine.

Slektsromanar

Det viktigste verket til Amalie Skram er Hellemyrsfolket. Det er ein serie med bøker om ei slekt gjennom fire generasjonar. Serien består av fire bøker: Sjur Gabriel (1887), To venner (1887), S.G. Myre (1889) og Avkom (1898).

Bøkene er typiske for den litterære retninga som heiter naturalismen.

Ekteskapsromanar

Constance Ring (1885) var den boka som gjorde at Amalie Skram blei kjend som forfattar. Den handlar om Constance, som blir skuffa over menn, og også over seg sjølv. Til slutt begår ho sjølvmord ved å drikke ei flaske med gift. Mange blei provoserte over romanen, og boka førte til mykje debatt rundt ekteskap og moral.

Amalie Skram skreiv tre ekteskapsromanar til: Lucie (1888), Fru Ines (1891) og Forrådt (1892). I desse bøkene skreiv ho om korleis kvinner levde og blei undertrykt. Ho blei sett på som både samfunnskritisk og moderne.

Romanar om psykisk sjukdom

Amalie Skram brukte sine eigne erfaringar då ho skreiv dei to romanane Professor Hieronimus (1895) og På St. Jørgen (1895). Begge bøkene handlar om korleis det er å bli psykisk sjuk og bli innlagt på psykiatrisk sjukehus.

I desse bøkene viste Amalie Skram mellom anna kor god ho er til å skildre kjensler som sjalusi, angst og kaotiske tankar.

Betydning

Bøkene til Amalie Skram blir framleis lesne i dag. Ho har betydd mykje for andre forfattarar og for utviklinga av moderne, realistisk litteratur.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Janne Stigen Drangsholt
Professor, Universitetet i Stavanger