Skilsmisse er det å avslutte eit ekteskap. Det å få skilsmisse heiter å bli skild eller å skilje seg.

Dersom ein ikkje vil vere gift lengre, melder ein frå til det offentlege. Det tek mellom eitt og to år å få skilsmisse. Ein treng ikkje å vere samde om å bli skild, det held at éin person vil det.

Dette skjer i ein skilsmisse

Før ein blir skild er ein separert i eitt år. Ein kan ikkje bu saman når ein er separert. For å bli separert må ein seie frå til det offentlege at ein vil ha separasjon. Det held at éin person seier frå. Når ein har vore separert i eitt år kan ein skilje seg. Då må ein òg melde frå til det offentlege. Det held at éin av personane gjer det.

Dersom den eine personen har brukt vald mot den andre, kan ein få skilsmisse med éin gong, utan at ein treng separasjon først.

Dersom to personar som er gift har budd frå kvarandre i minst to år og er samde om at dei ikkje skal vere gift lengre, kan dei skilje seg utan å ha søkt om separasjon først.

Skilsmisse og økonomi

Folk som er gifte eig ofte mange ting saman, for eksempel hus eller leilegheit, bil, møblar og pengar. Når nokon skil seg, skal dei dele desse tinga mellom seg.

For eksempel kan dei selje leilegheita si og dele pengane likt. Ei anna moglegheit er at den eine personen beheld leilegheita og betaler prisen for halve leilegheita til den andre.

Når foreldre skil seg

Når to som har barn saman, vil ha skilsmisse, må dei først snakke med ein person om kvar barna skal bu og korleis foreldra skal samarbeide om å ta vare på barna. Denne typen samtale heiter mekling. Dette gjeld om barna er under 16 år.

Dersom foreldra ikkje blir samde om ein avtale for kvar barna skal bu, kan det bli ei rettssak for å bestemme det. Det er ganske sjeldan dette skjer.

Det vanlege er at barna byter på å bu hos foreldra etter skilsmisse. Barn som er over 12 år skal ifølge norske lover få vere med på å avgjere kvar dei vil bu.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Gisle