Fra Stortingssalen. I bildet er Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), Marie Sneve Martinussen (R) og Stortingspresident Masud Gharahkhani

På Stortinget er det stortingspresidenten som leier debatten. På biletet står stortingspresident Masud Gharahkhani til høgre på talarstolen.

Foto fra Stortingsdebatt
Av /NTB.

Debatt er ei utveksling av meiningar om eit bestemt tema mellom personar. Ein debatt kan òg kallast ein diskusjon.

Debattar kan til dømes skje på eit møte, i eit TV-program eller ved at dei som er med skriv kva dei meiner i til dømes ei nettavis.

Debatt i media

I aviser og nettaviser blir det ofte debattar når det er mange som meiner noko om ei spesiell sak. Til dømes viss Stortinget skal vedta ei ny lov, som mange ikkje vil ha.

Det er mange tema som skaper debatt. Det kan til dømes vere vegbygging, nedlegging av skular, miljø, krig og religion.

Uformelle debattar

Debattar som ikkje har spesielle reglar blir kalla uformelle debattar. Det er til dømes debattar som skjer på sosiale medium, i foreiningar eller partileiar-debattar på TV.

Ein partileiar-debatt er når leiarane frå ulike politiske parti møtest for å diskutere ein eller fleire saker.

Debattreglar

Viss det er noko spesielt som skal bestemmast, er det klare debattreglar. Då må ein møteleiar passe på at reglane i debatten blir følgde.

Stortinget er det vanleg at politikarar har debattar. Då er det stortingspresidenten som er leiar for debatten.

I debattar bruker deltakarane ulike teikn med handa for å vise kva ein vil seie når det blir hens tur. Ein finger i vêret betyr at ein vil kome med eit argument i saka. To fingrar i vêret betyr at ein vil kome med eit svar eller ein replikk til nokre andre personar i debatten.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Maasø
Førsteamanuensis, Universitetet i Oslo