Foto av bokomslag, Vinternoveller.

Noveller blir gjerne gitt ut som bøker der ein samlar fleire noveller. «Vinternoveller» er sett saman av tre noveller. Dei handlar det om å vere på rømmen med Valdresekspressen, om karaoke, kjøpesenter og snø.

Foto av bokomslag, Vinternoveller.
Gyldendal Norsk Forlag.
Bokomslag, novellesamling Tusenfryd

«Tusenfryd» er ei samling noveller for ungdom. Samlinga er sett saman av åtte noveller. Novellene følgjer seks elevar i ein klasse gjennom eit halvt år.

Foto av bokomslag, Tusenfryd.
Av .

Novelle er ei kort, oppdikta forteljing. Novelle er ein sjanger som høyrer til skjønnlitteraturen og den forteljande litteraturen. Novella kan likne på romanen i form og at ho er oppdikta, men novella er kortare.

Nokre døme på noveller er «Faderen» av Bjørnstjerne Bjørnson, «Karen» av Alexander Kielland og «Kan jeg bli med deg hjem» av Marie Aubert.

Kjenneteikn

Det er tre viktige ting, eller kjenneteikn, som er typisk for ei novelle:

  • Handlinga er oppdikta. Det som skjer i novella er ikkje sant.
  • Novella er ei forteljing, skriven som prosa. Ho er ikkje på vers, som dikt.
  • Novella er kort. Det er ofte plass til fleire noveller i ei bok.

Handling

Handlingen i ei novelle går gjerne føre seg over kort tid, til dømes ein dag. Sidan novella er kort, må forteljaren berre ta med det viktigaste. Ofte har novella få personar, og ein får ikkje alltid vite så mykje om dei. Lesaren må gjerne tenkje seg til ting som ikkje er fortalt.

Vendepunkt

Mange noveller er bygd opp rundt eit vendepunkt. Det vil seie at noko plutseleg forandrar seg. Vendepunktet kan vere at hovudpersonen forstår noko som hen ikkje har forstått før, at det skjer noko uventa eller at sambandet mellom personane endrar seg.

Kjende forfattarar

  • Kjell Askildsen, Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten, En plutselig frigjørende tanke
  • Øystein Lønn, Thranes metode og andre noveller, Hva skal vi gjøre i dag?
  • Gunhild Øyehaug, Vonde blomar, Draumeskrivar
  • Ingvild H. Rishøi, La stå, Vinternoveller

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Fred Huvenes