Elever i et klasserom sett bakfra. En gutt rekker opp hånden. Elevene er 10-11 år gamle.
Ofte jobbar det sosialarbeidarar på skuler. Der kan dei vere med på å skape eit godt, sosialt miljø.
Foto fra klasserom
Av /NTB.

Sosialt arbeid handlar om å arbeide med menneske, familiar og lokalsamfunn for at de skal få det betre. Sosialt arbeid går føre seg på ulike område. Det er for eksempel innan helsetjenesten, i kriminalomsorgen og i sosialtjenesten. Det blir òg arbeidd mykje med sosialt arbeid i skulen.

I Noreg kan ein studere sosialt arbeid ved fleire universitet og høgskular. Når ein er ferdig utdanna, kan ein for eksempel arbeide innan barnevern eller som saksbehandler i NAV.

Sosialt arbeid arbeid går ut på å hjelpe menneske som har problem med for eksempel:

Sosialt arbeid handlar både om å hjelpe slik at folk ikkje får vanskar, og om å hjelpe dei som allereie har fått problem. Sosialt arbeid kan gjelde ein person eller ei gruppe.

Sosialarbeidarar

Ein sosialarbeidar er ein som arbeider med sosialt arbeid på ein eller annan måte. Sosialarbeidarar arbeider på mange ulike stader. Ofte arbeider det sosialarbeidarar på skuler. Der kan dei vere med på å skape eit godt, sosialt miljø. Elles finst dei til dømes:

Ulike yrke

I Noreg er det ulike yrke som driv med sosialt arbeid, men det er særleg desse:

  • barnevernspedagog
  • sosionom
  • vernepleiar
  • diakon

Mange frivillige driv òg med sosialt arbeid.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Axel West Pedersen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet