Foto
Løypene i snøbrett-øvelsen slopestyle har forskjellige hopp og rails. Her er Kokomo Murase fra Japan i lufta over et hopp i en konkurranse i Sveits i 2024.
Slopestyle-konkurranse i Sveits
Av /NTB.

Snøbrett er eit flatt brett som er laga for å køyre på snø. Snøbrett er òg ein idrett. På engelsk heiter både brettet ein bruker, og idretten snowboard. Når ein står på snøbrett, har ein begge føtene festa til brettet.

Det finst mange ulike konkurransar i snøbrett. I nokre av dei er det om å gjere å køyre raskest ned ei løpye. I andre konkurranser får ein poeng for å gjere høge hopp og mange triks.

Snøbrettkøyring er òg ein populær fritidsaktivitet på stader kor det finst skianlegg, for eksempel i Noreg.

Utstyr

Utøvarane bruker ulikt typar brett. Bretta er laga av mellom anna tre, glasfiber og karbon. Det er metallkantar rundt brettet for å få godt grep på snøen. På bretta er det bindingar der støvlane blir festa.

Alle brett har ein bøygd ende fremst, for at det ikkje skal grave seg ned i snøen. Mange brett har òg ein bøygd ende bak, så utøvaren kan køyre i begge retningar. Bretta er mellom 110 og 190 centimeter lange.

For beskyttelse bruker utøvarane mellom anna hjelm. I tillegg har utøvarane varme klede som gir god rørsle når dei køyrer.

Bakkar

Ein køyrer ofte snøbrett i skianlegg som er laga for skikøyring ned bratte, svingete bakkar. I konkurransar er bakken laga for snøbrettkonkurransar.

Nokre bakkar er laga for at nybyrjarar kan køyre på snøbrett der, medan andre bakkar er vanskelegare og laga for meir øvde utøvarar. Nokre bakkar er òg berre laget for snøbrettkøyring.

Frikøyring ned bratte fjell i laussnø i utanfor skianlegg er òg populært blant ein del utøvarar.

Konkurransar

Det er mange ulike konkurransar i snøbrett. Nokre av dei viktigaste er:

  • Slopestyle er ein konkurranse der ein gjer triks medan ein køyrer ned ei løype med hopp og rails.
  • Big air er eit stort, høgt hopp der ein gjer triks i lufta før dei landar.
  • Halfpipe er ei U-forma bakke der ein køyrer fram og tilbake og nedover i U-en medan ein gjer ulike triks.
  • Boardercross er ein konkurranse kor fleire utøvarar køyrer ned ei løype samtidig. I løypa er det mellom anna fleire hopp og kuler. Den som kjem først til mål, vinn konkurransen.

I slopestyle, big air og halfpipe vinn den utøvaren som får flest poeng av dommarane.

Historie

Snøbrett oppstod i USA på 1960-talet. Idretten hadde bakgrunn i mellom anna skateboard og surfing.

På 1980-talet blei dei første store konkurransane i snøbrett arrangerte. Snøbrett kom med i OL for første gong i 1998.

Første NM i snøbrett blei arrangert i 1986. Dei siste tiåra har snøbrett blitt veldig populært i Noreg. Snøbrett er ein del av Brettforbundet, som har rundt 6000 medlemmer.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby