En stor konsertsal med publikum. Helt bak i bildet ser man orkesteret som sitter og spiller.

I romantikken blei orkestera større. Det blei brukt fleire instrument, og mange instrument blei kraftigare i klangen.

Tegning av konserthus i Leipzig i Tyskland.
Library of Congress.

Romantikken er den perioden i musikkhistoria som var mellom klassisismen og modernismen. Den varte frå omtrent 1820 til rundt 1900.

Kjenneteikn

Musikk frå romantikken er ofte full av kjensler. Det kan for eksempel vere lengt, kjærleik eller frykt for døden. Komponistane i romantikken laga nye klangar for å få fram desse kjenslene. Dei laga dei nye klangane ved å bruke fleire ulike tonar samtidig.

Før romantikken var musikken som regel bestilt av rike og mektige, som kongen og kyrkja. I romantikken byrja komponistane å bestemme sjølv kva musikken skulle handle om. Dermed blei musikken ofte meir personleg.

Nasjonalromantikk

En eldre mann sitter foran et piano og ser inn i kamera.

Ein av Noregs viktigaste komponistar, Edvard Grieg, skreiv nasjonalromantisk musikk.

Foto av Edvard Grieg ved piano, foto 1906.
Av /NTB Scanpix .

Nasjonalromantikken var ein del av romantikken. I nasjonalromantikken ville komponistane framheve det som var spesielt med sitt eige land og vise det fram på ein vakker måte. Derfor lagde dei ofte musikk som var inspirert av folkemusikk. Den norske komponisten Edvard Grieg er eit eksempel på ein som gjorde dette.

Orkester

Ein viktig ting i romantikken var at orkestera blei større. For å få fram variasjon og kjensler, trong ein nye instrument. For eksempel blei pikkolofløyte, engelsk horn, bassklarinett og fleire messinginstrument med i orkesteret.

Opera

Opera var ei populær musikkform i romantikken. Komponistar som tyske Richard Wagner og italienske Giuseppe Verdi skapte kjende operaer.

Lied

Schubert sitter ved piano og spiller. Noen kvinner står rundt ham og synger.

Den austerrikske komponisten Franz Schubert blir rekna som skaparen av musikkforma den tyske lieden. Lied er song for éi stemme, akkompagnert av piano (og av og til gitar).

Maleri av Franz Schubert ved pianoet, 1899.
Av .

Sjangeren lied oppstod i romantikken. Lied betyr song på tysk. Lieder er enkle melodiar som blir sungne saman med piano. Komponisten Franz Schubert blir rekna som skaparen av den tyske lieden.

Piano

Piano blei viktig som soloinstrument. Det betyr at det blei komponert musikk som skulle bli spelt berre av piano. Nokre komponistar var også veldig flinke til å spele piano. Dei blei nesten superstjerner som pianistar. Dei mest kjende er Franz Liszt, Frédéric Chopin og Robert Schumann.

Clara Schumann, kona til Robert Schumann, var ei av dei første kvinnene som blei profesjonell musikar og komponist.

Eksempel

Her er nokre eksempel på musikkstykke frå romantikken:

  • Skjebnesymfonien av Ludwig van Beethoven
  • Peer Gynt av Edvard Grieg
  • Winterreise av Franz Schubert
  • La traviata av Giuseppe Verdi

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Even Ruud
Professor emeritus, Universitetet i Oslo