Nordpadde som svømmer

Padder kan leve i vatn eller på land. Ei vaksen nordpadde lever mest på land, men kan svømme.

Nordpadde, oftast berre kalla padde, er eit lite dyr som lever både i vatn og på land. Nordpadde er den einaste typen padde som lever i Noreg. Padder er type amfibium. Dei liknar litt på froskar, men froskar og padder er ikkje det same.

Det finst mange andre typar padder i Europa, Asia, Amerika og Afrika.

Beskriving

Ei stor hoe med ein litt mindre hanne på ryggen.

Hoene er større enn hannene. Når dei parar seg, klatrar hannene opp på ryggen til hoene. Der held dei seg fast.

Nordpadder har brungrå, tørr hud med vorter. Padder skil ut gift frå huda. Dei har eit flatt, breitt hovud med utståande auge. Nordpadder har ikkje øyre utanpå kroppen, som menneske. I staden har dei øyre som er skjulte under huda på hovudet. Dei har korte forbein og lange bakbein. Dei kan hoppe med bakbeina, men er ikkje like gode til å hoppe som froskar. Nordpadder har lunger. Hoa er større enn hannen. Padder er vanlegvis mellom 6 og 10 centimeter lange.

Levevis

Dei et insekt, ormar og andre små dyr. Om vinteren overvintrar dei i hòler i bakken.

Vaksne nordpadder lever på land, bortsett frå når dei skal leggje egg. Egga må dei leggje i vatn. Vaksne padder er vanlegvis mest aktive om natta.

Formeiring

Eit stort rumpetroll som har fått bein, men som enno ikkje har mista halen. Det bur enno i vatn.

Når egga klekkjer, blir dei til rumpetroll. Rumpetrolla har lang hale og må vere i vatn. Når dei er heilt små, har dei ikkje bein. Når dei veks seg større mistar dei halen, og får bein i staden. Då får dei lungar og kan puste på land.

Om våren lagar nordpaddene lyd for å finne kvarandre. Hannane festar seg til hoene ved å setje seg på ryggene deira. Der held dei seg godt fast med forbeina. Hoa legg egg i vatn, og hannen slepper ut sæd som befruktar egga. Egga ligg i lange snorer i vatnet.

Når egga klekkjer, blir dei til rumpetroll. Rumpetroll har ikkje lunger. Dei pustar med gjeller, sånn som fisk. Dei har lang hale. Dei et oftast algar og små bitar av planter. Rumpetrolla må vere i vatn. Når dei veks seg større, får dei lunger og mistar gjellene. Dei mistar også halen, og får bein i staden. Når rumpetrolla har blitt til små padder, går dei opp på land.

Utbreiing

Nordpadder finst i det meste av Europa, i Nord-Afrika og i delar av Asia. I Noreg finst det nordpadder i låglandet i Sør-Noreg. Dei er ikkje så vanlege nord for Trøndelag. Dei finst oftast i skog, mark og i område der ein driv med jordbruk. Nordpadda kan bevege seg langt frå dammen der ho vart fødd, og gå langt over tørre område.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • amfibier
  • frosk

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo