Et barn med røde prikker over ryggen. Prikkene er røde med hvite prikker inni, et klassisk tegn på vannkopper.
Når ein har hatt ein sjukdommar, kan ein bli immun. Då kjenner kroppen igjen smitta og sørgjer for at ein ikkje blir sjuk. Vannkoppar er ein sjukdom som ein vanlegvis berre kan få ein gong, fordi ein blir immun.
Fotografi av vannkopper
Av /Shutterstock.

Immun er å vere beskytta mot smittsom sjukdom. Ein kan vere immun mot sjukdommar som skuldest virus eller bakteriar. Ein som er immun blir ikkje sjuk, sjølv om hen blir smitta av ein sjukdom.

Immunforsvaret

Alle menneske har eit immunforsvar som vernar kroppen mot smitte og sjukdom. Viss det kjem smitte inn i kroppen, lagar immunforsvaret celler og spesielle stoff som kjempar mot smitten. Stoffa blir kalla antistoff. Immunforsvaret held fram med å lage litt antistoff etter at kroppen har blitt frisk. Om kroppen blir smitta av den same sjukdommen igjen, sørgjer antistoffa for at han ikkje blir sjuk. Kroppen har då blitt immun.

Vaksinar inneheld ei lita mengd smitte som immunforsvaret kan lage antistoff mot. Vaksinar gjer at ein kan bli immun mot ein sjukdom ein aldri har hatt.

Annan bruk av ordet

Av og til blir ordet brukt òg om andre ting enn sjukdom. Då tyder immun som regel at ein ikkje legg merke til, tar seg nær av eller lar seg påverke av noko. For eksempel kan ein seie at nokon er immune mot kritikk. Då meiner ein at personen ikkje bryr seg om negativ kritikk og kjefting.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo