Faktaboks

IKT

informasjons- og kommunikasjonsteknologi

Et tomt klasserom med en interaktiv tavle i bakgrunnen.

Dei fleste skular i Noreg bruker interaktive tavler i undervisninga.

Fotografi av et klasserom med en smart tavle.
Av /NTB.

IKT er ei forkorting for informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

IKT er alt som har med datamaskiner, nettverk, programvare, internett og annan digital teknologi å gjere.

IKT handlar om korleis ein bruker teknologi til å lagre, behandle, overføre og kommunisere informasjon.

I dag er IKT ei lite brukt forkorting. Dei fleste seier berre IT. Omgrepet IKT blir mest brukt innan offentleg utdanning, forsking og i bedrifter.

IKT i heimen

Nokre eksempel er:

IKT i skulen

Bildet viser to menn som sitter og ser på en videoskjerm på veggen foran dem. På skjermen ser man et stort bilde av en mann som snakker og et mindre bilde av en mann som lytter. Foran de to mennene er det også små skjermer som viser deltakere på konferansen.

I ein videokonferanse bruker ein datamaskin, smarttelefonar og internett. På den måten kan ein ha møte med andre som ikkje sit i same rom. Ein kan sitje langt frå kvarandre og likevel sjå kvarandre og snakke med kvarandre. Det sparer både tid og pengar for bedrifta fordi ein slepp å reise for å ha møte.

Fotografi av en videokonferanse.
Av .

Nokre eksempel er:

  • interaktive tavler (smarte tavler)
  • nettbrett
  • digitale læremiddel
  • koding
  • nettvett
  • digital undervisning, for eksempel Zoom og Teams

IKT i bedrifter

Nokre eksempel er:

  • e-post
  • videokonferanser
  • systemer med informasjon om kundar og bestillingar
  • systemer for rekneskap
  • digital marknadsføring
  • bruk av robotar til effektivisering
  • nettsider

IKT og IT

IKT er ei utviding av omgrepet IT. IT er er ei forkorting for informasjonsteknologi. Utvidinga blei gjord fordi kommunikasjonsteknologi slik som telefon, TV og radio frå 1990-talet blei stadig meir digitalisert, og dermed meir relatert til IT.

Kommunikasjonsteknologi

Tidlegare var kommunikasjonsteknologi berre den teknologien som blei brukt til å overføre informasjon frå eit system til eit anna. Typiske eksempel på dette er telefonlinjer, datanettverk og satellittar.

Etter kvart blei også tenester for kommunikasjon mellom menneske inkluderte, slik som sosiale medium, e-post, møte på video og nettsider. Mobiltelefonar blei også inkluderte.

I dag meiner mange at kommunikasjon mellom menneske og maskin også er ein del av IKT. For eksempel korleis system og tenester skal lagast for å vere enkle i bruk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Tom Heine Nätt
Førstelektor, Høgskolen i Østfold