Urnordisk er det eldste språket ein veit om i Noreg. Urnordisk blei brukt i Noreg fram til år 700 evt.

Urnordisk er det eldste språket ein kjenner i Noreg, Sverige og Danmark. Nokre urnordiske ord er dessutan lånte inn i samisk og i finsk, som til dømes nordsamisk gonagas og finsk kuningas (konge, frå urnordisk kuningaR).

Urnordisk blei skrive med runer, som er eit gamalt alfabet.

Ein kjenner til språket fordi det er funne tekstar som ein har klart å tyde. Desse tekstane er funne på ting av stein, tre, metall og bein.

Den eldste runeskrifta som er funne er frå 200 år evt. Folk har prata språket tidlegare, men ein veit ikkje kor lenge.

Frå år 500 til 700 endra språket i runene seg. Orda blei kortare. Mange vokalar forsvann frå endingane. For eksempel: Ein stein heitte ein «stainar» på urnordisk. Frå år 700 vart dette til ein «stain».

Perioden som kjem etter urnordisk, heiter norrønt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo