Foto av triatlovutøvarar som stupar ut i vatn. Abu Dhabi skyline i bakgrunnen.
I konkurransar i triatlon starter alle utøvarane samtidig. Dei startar med å symje, så sykler dei og til slutt løper dei. Den som kjem først i mål etter løpinga vinn.
Start på triatlon i De forente arabiske emirater 2016
Av /NTB.

Triatlon er ein idrett som kombinerer symjing, sykling og løping. Konkurransane går føre seg utandørs. Utøvarane blir ofte kalla for triatleter. Ein konkurrerer i ulike distansar. Alle utøvarane startar samtidig og den som kjem først til mål, vinn konkurransen.

Ein konkurranse i triatlon blir gjennomført utan pause mellom dei ulike øvingane. Utøvarane sym først i anten innsjø eller hav. Deretter syklar dei, før dei avsluttar med å springe.

Utstyr

I symjing bruker utøvarane ofte ei våtdrakt når det er kaldt i vatnet. I ei våtdrakt held ein seg varm sjølv om ein blir våt. Våtdrakta blir teken av etter symjedelen. Under den har utøvarane ofte ein kombinert løpe- og sykkeldrakt.

Til sykkeldelen bruker utøvarane ein spesiell temposykkel. Når dei syklar, har dei hjelm og sykkelsko.

Når dei løper, har dei løpesko.

Konkurransar

Ein tradisjonell triatlon-konkurranse består av 3,8 kilometer symjing, 180 kilometer sykling og et maraton i løping til slutt. Maraton er litt over 42 kilometer langt. Ein triatlon med desse distansane blir òg kalla Ironman.

Dei siste åra har det blitt vanleg å ha konkurransar med kortare distansar. I OL er består et triatlon av 1500 meter symjing, 40 km sykling og 10 km løping.

Historie

Triatlon oppstod på Hawaii i USA på 1970-talet. Framleis er det VM i Ironman på Hawaii kvart år.

Første NM i triatlon blei arrangert i 1988. Triatlon kom med i OL i 2000.

Dei siste tiåra har triatlon blitt ein populær idrett i Noreg. I 2021 tok Kristian Blummenfelt gull i OL i Tokyo i Japan.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby