Tingrett er ein domstol i Noreg som dømmer både i straffesaker og sivile saker. Det er den første domstolen der saker blir behandla.

Det norske rettssystemet har tre nivå. Dersom ein part i ei rettssak er usamd i ein dom frå tingretten, kan han anke til lagmannsretten. Dersom ein part er usamd i ein dom frå lagmannsretten, kan han anke til Høgsterett.

Det er dommarar som avgjer sakene i tingretten. Dei blir kalla tingrettsdommarar. Leiaren for ein tingrett blir kalla sorenskrivar. Tingrettsdommarane og sorenskrivaren har juridisk utdanning.

I nokre saker er òg meddommarar med og avgjer saka. Dette er personar som ikkje treng å ha juridisk utdanning. Grunnen til at det blir brukt meddommarar, er at det er eit viktig prinsipp i det norske rettssystemet at vanlege folk skal vere med å dømme andre vanlege folk. Det blir kalla å bli dømde av likemennene sine.

Det er 23 tingrettar i Noreg. Politikarane diskuterer kor mange tingrettar vi skal ha, og det kan difor bli fleire enn 23.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Gisle