Foto av ei kvinne med tannregulering som blir undersøkt i munnen.
Ein tannlege som har spesialisert seg på å endre bittet og på tannregulering, heiter kjeveortoped.
Foto
Av /Shutterstock.

Tannregulering er ein metode for å rette opp tenner eller kjevar som står feil. Tennene blir flytta sakte i munnen, til dei står riktig. Dette kan ta fleire år.

For å få tannregulering må ein gå til ein tannlege som er spesialist. Ein slik spesialist heiter kjeveortoped. I Noreg er det ikkje gratis med tannregulering, men barn og ungdom kan få dekt delar av behandlinga.

Det er ganske vanleg å ha tannregulering. Dei fleste får det når dei er unge, kort tid etter at dei har fått dei vaksne tennene sine. Rundt fire av ti ungdommar i Noreg har eller har hatt tannregulering.

Årsaker

Tennene

Tennene i overkjeven og underkjeven kan stå skeivt i forhold til kvarandre. Teikninga syner ulike bitt. Det øvste biletet er ein kjeve der tennene møter kvarandre slik dei skal. I midten er eit bilete av overbitt, der overkjeven stikk lenger fram. Då stikk dei øvre framtennene fram over dei nedre, og jekslane lenger bak møter kvarandre på feil stad. Nedst er det eit bilete av underbitt. Der er underkjeven for langt fram. Då stikk dei nedre framtennene fram under dei øvre, og jekslane lenger bak møter kvarandre på feil stad.

Av /Store medisinske leksikon ※.

Tennene i munnen kan vekse ut på ein slik måte at tennene i overkjeven og i underkjeven ikkje passar heilt saman. Dette heiter bittfeil. Det kan gjere at ein brukar tennene skeivt, og då kan dei bli slitt på feil måte. Tannregulering kan endre korleis tennene står i forhold til kvarandre, slik at ein unngår dette.

Dersom ein har liten kjeve, kan tennene stå trangt eller skeivt. Då kan det vere vanskeleg å pusse tennene ordentleg. Det gjer at ein lettare får hol i tennene eller betennelse i tannkjøtet. Tannregulering kan vere fornuftig for å sørge for at tennene ikkje står så trangt.

Tannregulering kan også rette opp tenner som ser skeive ut. Dette er ikkje alltid viktig for at bittet eller tennene skal virke godt. Men det kan vere viktig for personen som eig tennene.

Slik verkar tannregulering

Tannregulering flyttar sakte på tennene, slik at dei havnar på rett plass.

Tannlegen limer små klossar av metall eller keramikk på tennene. Så blir det festa metalltrådar til klossene. Ved å stramme trådane meir og meir over tid, får tannlegen flytta tennene til ønska posisjon. Det er også vanleg å bruke strikk eller fjær for å trekke på nokre tenner eller endre bittet. Når tannlegen strammar trådane eller sett inn strikk på ein ny stad, kan det gjere vondt å tygge i ein dag eller to. Nokre gongar nyttar dei òg skinner for å endre på bittet.

Det hender at ein treng anna behandling i tillegg til tannregulering. Eit vaksent menneske har normalt 32 tenner. Om kjeven er liten, kan det vere at det ikkje er plass til alle tennene. Då må ein trekke nokre av dei for at det skal bli betre plass. Andre gongar veks tenner så langt unna der dei eigentleg høyrer heime at ein må operere.

Tannpuss

Tannreguleringa sit utanpå tennene og kan gjere det vanskeleg å pusse skikkeleg. Mat og godteri festar seg også lett i reguleringa. Då er det fort gjort å få hull i tennene. Det finst eigne, små tannbørstar til å børste mellom klossane. Ein kan også bruke munnskyll for å kome til mellom tennene.

Etter tannreguleringa

Etter at ein er ferdig med tannreguleringa, må ein ofte lime ein tråd av metall på baksida av tennene. Tråden held fast tennene slik at dei ikkje går tilbake til der dei var før.

Det hender òg at ein må bruke ei gjennomsiktig plate eller skinne i ganen. Dette heiter gom.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ingvild J. Brusevold
Førsteamanuensis, ph.d., Universitetet i Oslo