Biletet syner tenner som er fotograferte med røntgen.
Tannpleiarar gjer mykje forskjellig på eit tannlegekontor. Dei jobbar for eksempel med å ta røntgenbilete av tenner.
Foto
Av /Shutterstock.

Tannpleiar er eit yrke der ein jobbar med å pleie tenner. Tannpleiarar samarbeider ofte med tannlegar.

Ein tannpleiar kan for eksempel:

  • undersøke munnen og tennene
  • fjerne tannstein
  • ta røntgen av tenner
  • undervise i korleis ein pusser tennene
  • pusse og polere tenner

Dei kan også ha andre oppgåver innanfor tannhelse. Tannpleiarar har teieplikt.

Utdanning

For å bli tannpleiar, må ein studere tre år på eit universitet eller ein høgskule. Tannlegar har fem års utdanning. Ein tannpleiar får ikkje gjere alt det som ein tannlege får gjere.

Tannpleiarar har mykje ansvar. Det er ikkje lov til å kalle seg tannpleiar utan å ha rett utdanning og så ha blitt godkjend av staten. Det er fordi tannpleiar er ein beskytta tittel.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ingvild J. Brusevold
Førsteamanuensis, ph.d., Universitetet i Oslo