En gruppe mennesker som sitter med beina i kors på bakken ute ved en vei. Over dem henger det fargerike vimpler. Menneskene sitter på fargerike tepper. Foran dem sitter en mann i hvite klær. Alle ser på på ham.

Tilhengjarar av Hare Krishna under ein festival i Storbritannia i 2022.

Fotografi av samling med Hare Krishna-tilhengere.
Av /Shutterstock/NTB.
Fotografi av kvinne som tihører åsatru.

Blot er viktig i moderne åsatru. Blot er ofring til gudane. Ein ofrar kjøtt korn og mjølk som eit symbol. Staden ein er på, blir reinsa med eld, vatn, lyd og song.

Fotografi av kvinne som tihører åsatru.

Nyreligiøsitet er eit ord som blir brukt om forskjellige religionar som har oppstått dei siste 150 åra. Det er mange ulike trussamfunn og retningar som blir rekna som nyreligiøse.

Fellestrekk

Eit fellestrekk er at nyreligiøsitet hentar inspirasjon frå eldre religionar. Dei blandar ofte det dei mener er dei beste sidene ved ulike religionar, frå ulike deler av verda.

Mange trur på ei slags guddommeleg kraft i kvart enkelt menneske. Eit fellestrekk er at mennesker kan finne fram til ei sanning. Det kan ein gjere gjennom å utvikle seg sjølv og søke innover i seg sjølv.

Mange trur også at det er ein energi eller ei kraft som fyller universet og menneska. Ved å søke inn i seg sjølv, kan ein komme i kontakt med denne energien.

Inspirasjon

Ulike retningar

En stor, hvit bygning med et kors over inngangsdøren. På veggen står det Church of Scientology med store bokstaver. Nesten hele veggen foran er vinduer. Ute er det kveld eller natt, det lyser inne i bygningen.
Scientologikyrkja oppstod på 1950-talet i USA. Fotografiet er frå Los Angeles i USA.
Fotografi av scientologikirken i Los Angeles.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Nokre av dei mest kjende nyreligiøse religionane er:

  • Hare Krishna: Ein stor, organisert religion, inspirert av hinduismen. Ritualer, mantra og musikk er viktig i Hare Krishna. Dei har strenge levereglar knytt til å ikkje spise kjøt, reglar for seksualitet og ritualer i kvardagen. Hare Krishna har tempel både i Oslo og i Bergen.
  • Scientologi: Ei religiøs rørsle som trur at mennesket er eit andeleg vesen som lever mange liv. Kroppen kan samanliknast med ei maskin som fraktar anda eller mennesket omkring ei viss tid før ho døyr. Etter det lever anda vidare i ein ny kropp.
  • Antroposofi: Rudolf Steiner grunnla antroposofien på 1900-talet. Han grunnla også Steiner-skulen. Antroposofien lærer at mennesket er eit andeleg vesen som blir født på ny i ulike kroppar på Jorda. Nokon reknar antroposofi som ei nyreligiøs retning, medan andre reknar det som ein filosofi.
  • Moderne åsatru: Eit livssyn som hentar inspirasjon frå norrøn mytologi. Trua er inspirert av naturreligionar. Forsøker å tilpasse trua på dei norrøne gudane til den moderne kvardagen.

Vanskelege problemstillingar

Nokre retningar blir rekna som nyreligiøse av andre, men ikkje av seg sjølv. Dette gjeld for eksempel Jehovas vitne. Dei knyt seg sjølv tett til «gammal» religion og meiner deira tolkning er den som eigentleg er den sanne. Men folk utanfor dette trussamfunnet reknar dei som nyreligiøse tolkningar inspirert av kristendom.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker