Foto
Av /KF-arkiv ※.

Nedbryting er at dødt materiale blir brote ned til enklare stoff. Til dømes kan visne blad som ligg på bakken bli brotne ned til jord. Jorda gir næring til planter og tre. Nedbryting er ein viktig del av krinsløpet i naturen.

For at eit dødt blad skal bli til jord, trengst det hjelp frå nedbrytarar.

Nedbrytarar

Nedbrytarar kan til dømes vere bakteriar, sopp og nokre dyr. Desse et restar etter døde dyr og planter. Dei kan òg ete bæsjen til dyra.

Når bakteriar og sopp døyr, går dei fort i oppløysing. Restane blir til næring i jorda som planter kan ta opp.

Mange soppar og bakteriar lever berre av éin spesiell type næring, til dømes døde tre. Desse blir kalla spesialistar. For å bryte ned eit tre trengst fleire ulike nedbrytarar som har ulik jobb. Ved hjelp av ulike soppar og bakteriar blir treet til slutt til jord.

Små dyr kan òg vere nedbrytarar, til dømes sniglar, fluger og jordlopper. Meitemakk er ein viktig nedbrytar i jord. Han et døde restar etter planter.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Lene Liebe Delsett
Doktor i virveldyrpaleontologi, Universitetet i Oslo