Meitemarken ser ut som ein bleik, liten slange. Den består av flere ledd.
Meitemark lever nede i jorda
Foto
Av /Shutterstock.

Meitemark er ein type leddormar som lever i jord. Kroppen er delt i mange korte ledd.

Meitemark borar gonger i jorda med den spisse tuppen fremst på kroppen, eller ved å ete seg fram. Meitemark er viktige for å bryte ned døde plantar og få luft ned i jorda.

Beskriving

Meitemark liknar på små slangar med slim på. Den har ein munn fremst på kroppen, og rompe bakarst. Kroppen er delt i mange små ledd. På kvart ledd er det åtte korte, stive børstar som hjelper han med å bevege seg framover. Det er vanskeleg å sjå børstane utan forstørringsglas. Litt framfor midten av kroppen, har vaksne meitemarkar noko som liknar på eit tjukt belte. Det svulmar opp når meitemarken skal pare seg.

Inni kroppen har meitemarken blodårar, fem små hjarte, ein hjerne og mange nerveceller. Han har store musklar som flytter han framover. Tarmane går frå munnen til rompa. Meitemark har ikkje auge, men sanseceller som kan oppdage lys.

Levevis

To meitemark som er klistra saman.
Meitemark parer seg ved å klistre seg saman med slim frå det tjukke beltet på midten. Alle meitemark har både kvinnelege og mannlege kjønnsorgan.
Meitemark
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Meitemark lever i jorda. Kor djupt dei lever og kva dei et, avheng av kva art det er. Meitemark et restar av døydde plantar og dyr. Han dreg maten sin ned i bakken og fuktar han med spytt, så det blir lettare å rive av bitar. Når dei et, gir meitemark næring i jorda. Dei grev gangar som gjer jorda meir luftig. Det er veldig viktig for at plantane som veks der.

Meitemark pustar gjennom huda og må difor ha det fuktig rundt seg. Dei kan overleve i vatn i fleire dagar. Når det regnar, må dei ofte kome opp til bakken for å puste. Mange meitemark som kjem opp i regnvêr, døyr. Det er fordi dei ikkje toler dagslys eller ikkje klarer å bore seg ned i bakken igjen.

Formeiring

Alle meitemark har kjønnsorgana til både hoer og hannar. Dette blir kalla å vere tvekjønna. Kjønnsorgan er dei delane av kroppen dei bruker til å lage ungar. Dei må likevel møte ein annan meitemark for å kunne pare seg.

Når dei parar seg, klistrar meitemarkane seg saman med slim frå det tjukke beltet. Når dei er klistra saman, gir dei kvarandre sædceller. Slimet frå det tjukke beltet tørkar. Slimet blir ein vernande kokong rundt egga, som blir befrukta av sædceller frå den andre meitemarken. Kokongen ligg på bakken til ungane kjem ut. Ungane liknar små meitemarkar, og blir utvaksne i løpet av 3-4 månader.

Vanlege meitemark i Noreg

  • kompostmeitemark
  • stormeitemark
  • skogsmeitemark
  • gråmeitemark
  • rosa meitemark

Kva artar som er vanlege, kan variere i ulike delar av landet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Henninge Torp Bie