Foto av mink
Minken har for det meste brun pels,. Det varierar kor mykje kvitt det er på halsen og brystet til minken.
Av .

Mink er eit lite rovdyr som lever i nesten heile Noreg. Mink kjem opphavleg frå Nord-Amerika, men blei teken med til Noreg i 1927. Dei blir brukt i oppdrett på grunn av den fine pelsen.

Mink som lever vilt i Noreg har anten rømt eller blitt sleppt fri frå gardar som har oppdrett.

Beskriving

Teikning av minkspor
Minken har potar med fem tær og tydelege klør. Når ein finn spor etter mink, kan ein sjå både poten, tærne og klørne. Potane måler 3-4 cm.
Teikning av minkspor
Av /NINA / Artsdatabanken.
Lisens: CC BY SA 4.0

Minken har ein slank og lang kropp med korte bein. Han har òg ein lang og kraftig hale. Hovudet er lite, med små øyre og auge. Snuten har lange vêrhår.

Mink blir omtrent 60 cm lange og veg mellom 0,5 og 1,5 kilo.

Pelsen er tett og blaut med tjukk ull inst. Fargen er vanlegvis mørk brun, med kvitt under haka og på brystet. Det ytste laget med hår er oljete og gjer pelsen vasstett.

Minken er ein god svømmar og har difor litt hud mellom alle tærne på potane.

Levevis

Foto av mink med fisk

Mink er ein god og rask svømmar. Han et mykje fisk.

Av .

Mink lever i stort sett heile Noreg. Dei trivst best på kysten og langs innsjøar med mykje buskar og tre. Dei lever for det meste åleine, unnateke i tida der dei skal pare seg.

Mink et fisk, muslingar, krabber, kreps, frosk, mus, fuglar og egg. Dei jaktar mest om natta. Om dagen har dei tørre stader der dei gøymer seg og søv.

Formeiring

Minken får mellom ein og sju ungar seint på våren. Ungane er hos mora heile sommaren og lærer å fange maten sjølv. Utpå hausten dreg dei for å finne eigne stader å leve.

Mink kan leve opp til ti år.

Oppdrett

Mink i eit lite bur av netting. Buret er i ein heil vegg med andre små nettingbur.

Minken blei teken med til Noreg for å drive oppdrett. Frå og med 2025 blir det ulovleg.

Foto av minkoppdrett
Av /NTB.

Minken blei teke med til Noreg frå Nord-Amerika for å starte med oppdrett. Pelsen til minken hadde god kvalitet. Han blei brukt til å lage jakker og kåper.

I 2005 fanst det omtrent 150 gardar i Noreg som hadde oppdrett av mink. Nokre av dei hadde opptil 10 000 mink på garden.

I 2019 bestemde staten i Noreg at det skulle bli slutt på oppdrett av mink innan 2025.

Trussel

Minken er ein framand art i norsk natur. Han er ein trussel mot det andre dyrelivet i naturen. Fuglar som legg egg på bakken er eit lett byte for minken. Minken har heller ikkje så mange naturlege fiendar. Difor kan minken nesten utrydde desse fuglane i nokre område.

Staten i Noreg arbeider systematisk for å avgrense minken i desse områda.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Kjetil Lysne Voje
Ph.d., Universitetet i Oslo