Hytte i Trysil
Å eige hus, hytte, leilegheit, skog eller tomt er å ha formue.
Av /Trysil.
Lisens: CC BY 2.0

Formue er verdien av det ein person eller ei bedrift eig. Nokon kan til dømes eige eit hus, ei leilegheit, ein bil, ei bedrift, aksjar eller pengar i banken. Dette blir kalla bruttoformue.

Dersom ein har lånt pengar for å kjøpe noko, blir lånet trekt frå verdien. Det som står igjen, blir kalla nettoformue.

Når nokon seier at ein person har formue, meiner dei gjerne at personen er rik. «Ein liten formue» er eit uttrykk som blir brukt om mindre summar. For eit barn kan til dømes hundre kroner vere ein liten formue.

Formuesskatt for personar

I Noreg må vaksne som har nettoformue av ein viss storleik, betale skatt for det. Skatten blir kalla formuesskatt. Ein må eige nesten to millionar kroner etter at ein har trekt frå gjeld, før ein må betale skatt av formuen.

Det er ikkje alt ein eig som blir rekna med den verdien det faktisk har. Staten kan bestemme at ein berre skal betale skatt av delar av verdien. Det ein skal betale skatt av, blir kalla likningsverdi. Dersom ein eig ein bustad, blir likningsverdien rekna som lågare enn det ein kan selje bustaden for. Ein bustad som kostar fire millionar kroner å kjøpe, kan ha ein likningsverdi på éin million kroner.

Kor stor formuen må vere for at ein skal betale skatt, har endra seg gjennom tidene. Det er politikarane på Stortinget som bestemmer reglane for skatt.

Formuesskatt for selskap

Havbasert fiskeoppdrett, August 2019

Bedrifter som vil nytte ressursar i den norske naturen til å tene pengar, må få løyve. Denne løyva kan vere verdt mykje pengar, og difor vere rekna som formue.

Eit eksempel på bedrifter som må ha løyve, er dei som driv oppdrett av fisk i havet. Biletet syner oppdrett av fisk på Frohavet i Trøndelag.

Havbasert fiskeoppdrett, August 2019
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Bedrifter og selskap har gjerne fleire typar verdiar som privatpersonar ikkje har. Det kan vere ein fabrikk med alt utstyret ein treng til å lage noko. Kanskje har bedrifta fått lov til å gjere noko som få eller ingen andre har lov til. Det kan ha ein verdi i seg sjølv.

Slike løyve kan vere:

  • konsesjon, til dømes til å setje opp vindmøller i naturen og lage straum
  • lisens, til dømes til å kjøpe varer frå utlandet og flytte dei inn i Noreg
  • patent, der ein eig retten til å lage ei bestemt vare
  • kvotar, der ein til dømes får lov til å fiske i havet utanfor Noreg

Alt som bedrifta eig av løyve og utstyr, blir rekna med i formuen. For å finne nettoformuen, blir gjelda til bedriften trekt frå.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Katrine Nyhus
Professor i markedsføring, Universitetet i Agder