Ein arm med tydelege utslett av raud og ru hud. Det flassar av hudbitar.

Allergisk kontakteksem kan ein få dersom huda blir utsett for eit allergen. Huda er meir mottakeleg dersom ho er tynn, sår eller våt. Allergisk kontakteksem kan ramme alle.

Av .

Eksem er rødleg utslett på huda som klør og flassar. Det finst ulike typar eksem, men alle er betennelse i huda.

Nokre typar kjem av at ein har rørt ved noko ein ikkje toler. Desse kan gå over av seg sjølv etter kort tid. Andre typar kan komme av allergi og vare lenge. Eksem som varer lenge, blir kalla kronisk eksem.

Det er mange typar eksem. Fire vanlege typar er atopisk eksem, kontakt-eksem, seboreisk eksem og soleksem.

Atopisk eksem

Atopisk eksem blir også kalla barneeksem. Rundt eitt av ti barn får barneeksem, og dei aller fleste blir kvitt det før dei blir vaksne. Eksemet er typisk eit raudt utslett i ansiktet eller på kroppen. Atopisk eksem kjem fordi huda er tørr.

Eksemet kan dukke opp etter at barnet har ete noko det ikkje toler, til dømes egg eller nøtter. Ein kan få atopisk eksem av å klappe eit husdyr ein er allergisk mot. Atopisk eksem er arveleg og heng saman med allergi.

Kontakt-eksem

Kontakt-eksem er utslett som ein får når ein har rørt ved eller komme borti noko ein ikkje toler.

Ein som er allergisk mot metallet nikkel, kan få kontakt-eksem på fingeren viss hen har hatt på seg ein ring med nikkel i. Andre får eksem når huda blir skadd av kjemikaliar, til dømes sterke såper.

Seboreisk eksem

Seboreisk eksem gir kvitt flass på huda. Eksemet finst på stader der huda lagar mykje av ein type feitt som heiter talg. Typiske stader er rundt nasen, mellom augebryna og i hovudbotnen. Feit hud med flass er eit teikn på seboreisk eksem.

Soleksem

Soleksem er utslett ein kan få etter å ha vore mykje ute i sola.

Behandling

For å unngå eksem, bør ein unngå ting ein er allergisk mot. Ein bør ikkje vaske kroppen for mykje med såpe. Det kan hjelpe å smørje kroppen med fuktkrem. Salver og kremar med stoffet hydrokortison hjelper mot kløen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo