Dickpic er eit foto av ein naken penis.

I Noreg er det ulovleg å sende dickpics eller bilde av kvinnelege kjønnsorgan til nokon som ikkje har bede om det, uansett kor gamle dei er. Å sende slike bilde til nokon under 16 år er alltid ulovleg. Det gjeld også dersom dei sjølv ber om å få det. Det er fordi 16 år er den seksuelle lavalderen.

Det er ulovleg å ta dickpics eller nakenbilde av ein person som er under 18 år. Det er heller ikkje lov å ha slike bilde, å sende slike bilde vidare til andre, eller å leggje dei ut på internett.

Om nokon bryter desse lovane, kan dei bli melde til politiet. Personar over 15 år som gjer dette, kan få bot eller sendast i fengsel som straff. 15 år er den kriminelle lavalderen.

Dersom ein person blir straffa for dette, kan det vere mange jobbar hen ikkje kan få seinare. Det gjeld blant anna mange jobbar i helsevesenet, i politiet og i arbeid med barn og unge.

Ulovlege dickpics

Dette er ikkje lov:

  • å sende eit dickpic til nokon som ikkje har bede om det sjølv
  • å sende vidare eit dickpic som andre har teke
  • å sende eit dickpic til nokon som er under 18 år
  • å ta eit dickpic når personen på bildet er under 18 år
  • å ha, eller sende, eit dickpic når personen på bildet er under 18 år

Lovlege dickpics

Det er berre lov å sende dickpics når alle desse tinga er sanne:

  • den det er bilde av er over 18 år
  • den det er bilde av sender bildet sjølv
  • den som får bildet er over 16 år
  • den som får bildet har bede om å få det

Les meir i Vesle norske leksikon

  • nakenbilder
  • seksuell lavalder

Faktasjekk av

Ivar Husby
Politihøgskolen