På forsida av bankkortet står det:

Navnet til den som eig kortet
Nummeret til kortet
Kva bank det kjem frå
Kor lenge det er gyldig

Mange bankkontoar er kopla til eit bankkort, som ein kan bruke til å betale med. Bankkort har ei magnetisk stripe eller ein chip som tek kontakt med banken.

Illustrasjon av bankkort
Av /Shutterstock.

Bankkonto er når ein bank passar på pengar for ein kunde. Når ein opnar ein bankkonto, set ein inn pengar på kontoen. Banken held styr på kor mykje pengar ein har sett inn og teke ut. Kor mykje pengar ein har på kontoen, heiter saldo.

Kunden kan vere ein person, ein organisasjon eller ei bedrift. Kunden eig framleis pengane sjølv om dei er i banken.

Alle bankkontoar har eit eige nummer. I Noreg har kontonummer 11 siffer, til dømes 1111.22.33333.

Typar

Kundar kan velje mellom fleire typar bankkontoar. Brukskonto og sparekonto er to av dei vanlegaste typane. Det er vanleg å ha meir enn éin bankkonto og mange har òg bankkontoar i fleire bankar.

Brukskonto blir av og til kalla lønnskonto, fordi ein får lønn og trygd utbetalt til den kontoen. Dei fleste brukar kontoen når dei skal betale rekningar og handle. Ein brukskonto har gjerne eit bankkort knytt til kontoen.

Ein sparekonto blir brukt for å spare pengar. Renta ein får på ein sparekonto er ofte høgare enn på ein brukskonto. Difor blir denne typen òg kalla høgrentekonto. Hos mange bankar må kunden betale gebyr dersom dei tek ut pengar frå ein sparekonto fleire enn nokre få gonger i året. Gebyr er pengar banken tek for å gjere ulike tenester for kunden.

Bustadsparing for Ungdom (BSU) er ein spesiell type sparekonto som unge kan opne etter at dei har fylt 13 år. Denne kontoen kan ein berre bruke til å spare pengar til å kjøpe bustad.

Bankar tilbyr òg eigne typar bankkontoar til til dømes bedrifter, kommunar og andre typar organisasjonar.

Bruk

Foto av minibank
I Noreg er det no vanlegast å betale med bankkort, ikkje med kontantar. Kontanter er det same som myntar og setlar. Dersom ein har eit bankkort, kan ein ta ut setlar i en minibank.
Foto av minibank
Av /NTB.

I Noreg er det heilt nødvendig å ha ein bankkonto. Ein treng bankkontoen for å få utbetalt lønn og trygd, eller når ein skal betale rekningar. Dei fleste brukar ein nettbank til å flytte pengar til og frå bankkontoen sin.

Som regel har folk bankkort som er kopla til ein brukskonto. På den måten kan kunden bruke kortet sitt til å betale for varer og tenester som hen kjøper. Dersom ein ikkje vil bruke bankkort, kan ein betale med kontantar, som er myntar eller setlar. Ein kan ta ut kontantar i banken, ein minibank eller når ein betaler for varer på butikken.

Tenester som Vipps er òg knytt til bankkontoar. Denne tenesta gjer at ein kan betale pengar til andre digitalt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Henry Langseth
Universitetsbibliotekar og fagreferent, Universitetet i Bergen