Foto av kronestykke
Ei norsk krone. På den eine sida er det ein fugl som sit i greinar. På den andre siden er det eit kors, saman med forbokstavene til kong Harald og ei krone.
Foto av kronestykke

Mynt er ein penge som er laga av metall. Myntar er som regel runde. Dei kan ha ulike storleikar og vere laga av ulikt metall. Nokre myntar har eit hôl i midten.

Myntar er som regel verdt ganske små summar. Den største summen éin mynt kan ha i Noreg er 20 kroner. Større summar bruker ein setlar til. Myntar og setlar blir kalla for kontantar.

Myntar i Noreg

Norske kroner finst som desse myntane:

  • 1 krone: Sølvfarga mynt med hôl i midten. På den eine sida er det bilete av ein fugl på blad. På den andre sida er det bilete av forbokstavane til kongen.
  • 5 kroner: Sølvfarga mynt med hôl i midten, større enn einkrona. Det er bilete av treskjering på båe sider.
  • 10 kroner: Gullfarga mynt. På den eine sida er det bilete av kong Harald 5., på den andre sida er det ei stavkyrkje.
  • 20 kroner: Gullfarga mynt som er større enn tikrona. På den eine sida er det bilete av kong Harald 5., på den andre sida er det eit vikingskip.

Noregs Bank har ansvar for myntar og setlar, og øydelegg dei dersom dei ikkje skal brukast meir. Fram til 2011 kunne ein bruke 50-øringar, som var verd like mykje som ei halv krone. Det var ein liten og koparfarga mynt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Henry Langseth
Universitetsbibliotekar og fagreferent, Universitetet i Bergen