Fotografi

Skilt som viser stengd bru på grunn av sterk vind (vindfart 30 m/s).

Fotografi

Vind er luft som bevegar seg. Vind kan bevege seg langs bakken, oppover eller nedover.

Årsak

Vind kjem av at ulik temperatur ulike stader på Jorda skapar skilnader i lufttrykk. Vinden prøver å jamne ut skilnadene i trykket, og blæs frå stader med høgtrykk til lågtrykk.

Det blæs mest om vinteren. Det er då det er størst skilnad i temperatur mellom ekvator og polane, og mellom dei kalde kontinenta og det varme havet.

Vindretning

Den retninga vinden blæs frå blir kalla vindretning. Vinden kan til dømes komme frå nord, og då kallar ein det for nordavind.

Vindretninga ved bakken kjem av ulike ting. Svake vindar blæs ofte langs kysten, fjordar, dalar og fjellkjeder. Sterkare vindar kan pressast over fjellkjedene og ned i låglandet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jostein Mamen
Meteorologisk institutt