Sushi er ein japansk matrett med kokt ris, bitar av rå fisk og grønsaker og skaldyr. Risen er smakt til med eddik, sukker og salt. Sushi blir servert kald og i bitar. Det kan til dømes vere ein liten, avlang ball av ris med eit stykke rå fisk oppå.

Ved sida av har ein ofte soyasaus, sylta ingefær og ein krem laga av japansk peparrot. Peparrotkremen heiter wasabi.

Sushi har blitt veldig populært over heile verda. Før var dette enkel mat som blei selt frå buer på gata, såkalla streetfood. Då åt ein det med fingrane, og ikkje med spisepinnar.

Vanlege fiskar å bruke i sushi er tunfisk, laks og kveite. Kvart år blir selt fleire tusen tonn laks frå Noreg til Japan, som blir til sushi.

Typer

På restaurantar som serverer sushi kan ein velje blant ulike bitar. Ein populær sushi-type er ris som blir rulla rundt fisken saman med nori. Nori er tynne svarte plater laga av tørka tang. Når alt er rulla til ei pølse, skjer ein ho i bitar.

  • Nigiri – ein avlang ball med ris, med fisk oppå
  • Maki – ris, fisk og grønsaker rulla inn i nori
  • Uramaki – det same som maki, men med nori innanfor risen

Det finst òg sushi med reker, kjøtt eller egg, eller berre grønsaker, i staden for fisk.

Tynne skiver av rå fisk blir kalla sashimi. Det er eigentleg ikkje sushi, for sushi skal ha med ris. Mange stader kan ein kjøpe sashimi saman med sushi.

Korleis ete sushi

Ein vanleg måte å ete sushi på er å dyppe han i ein liten bolle med soyasaus.

Wasabi smaker veldig sterkt, så ein har berre litt på fiskebiten. Sylta ingefær smaker surt, søtt og sterkt på same tid. Når ein har ete ein bit sushi, kan ein ta ein bit ingefær. Då reinsar ein munnen for smaken som er igjen frå den førre biten.

Sushireglar

Ein kan sjølvsagt ete sushi akkurat som ein sjølv vil. Men viss ein vil gjere det som i Japan, er det nokre reglar:

  • Sushi blir eten med fingrane, ikkje med spisepinnar
  • Berre fiskebiten blir dyppa i soyasausen, ikkje risen
  • Sushien blir ete opp ned, slik at fisken blir lagd mot tunga
  • Sushien blir eten i éin bit
  • Wasabi blir lagd på fisken, og ikkje blanda i soyasausen

Å bli sushikokk

Sushikokk er ein eigen type kokk. I Japan tek det lang tid å utdanne seg til det. Først går ein eitt år på skule, så er ein lærling i fem eller seks år.

I mange år var det forbode for jenter i Japan å bli sushikokk. Det var kvinnediskriminering. I dag er det lov, og i 2010 opna Japans første sushirestaurant med kvinneleg eigar og kjøkkensjef.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen