Foto av sild
Sild har ein blank og sølvfarga kropp. Silda er litt mørkare på ryggen. Auga er store. Sild har underbitt.
Foto av sild
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Foto av sildestim
Sild kan danne stimer som inneholder mange millioner fisk.
Av /NTB Scanpix.

Sild er ein vanleg fisk i Noreg. Silda er sølvfarga og blir ikkje stor. Det blir fiska mykje sild i havet utanfor Noreg.

Sild er ein vanleg matfisk.

Beskriving

Sild kan bli 45 cm lang. Det er mest vanleg at dei er mindre. Det er mykje fiske etter sild, og derfor blir dei sjeldan store.

Sild har ein blank og sølvfarga kropp. Silda er litt mørkare på ryggen. Auga er store. Sild har underbitt. Underbitt er når underkjeven stikk lenger fram enn overkjeven.

Levevis

Sild et dyreplankton. Det er små dyr som driv rundt i vatnet. Raudåte er den mest vanlege maten for sild.

Sild lever nord i Atlanterhavet. Dei lever frå Spania i sør til Barentshavet i nord, og heilt over til Nord-Amerika.

Det er mange ulike grupper med sild. Ei gruppe blir kalla ein bestand. Dei ulike bestandane med sild lever ulike stader. Dei har ulike stader dei svømmer i løpet av året. Ein type sild er vanleg langs den norske kysten om våren. Om vinteren svømmer dei ofte til ein fjord. Ein annan type sild, Nordsjøsilda, svømmer derimot til Storbritannia og Shetland for å gyte om hausten og vinteren.

Stillehavssild er ein annan fisk som kan leve i havet utanfor Noreg. Stillehavssild liknar på vanleg sild, men er ein annan art. Denne arten lever vanlegvis i Stillehavet, men er også oppdaga nokon stader i Europa. Det finst ein bestand av Stillehavssild i Balsfjorden i Nord-Noreg.

Formeiring

Når fisk formeirar seg, heiter det å gyte. Dei fleste sild gyter om våren eller hausten. Då samler silda seg i store flokkar som blir kalla stim.

Silda gyter vanlegvis 10–150 meter under overflata. Egga klistrar seg fast på botnen. Etter to til tre veker klekker egga. Dei nye fiskane som kjem ut av egga er 6–10 millimeter lange.

Slike nyklekka fisk heiter yngel. Yngelen må raskt finne seg mat sjølve. Når yngelen vert 3–4 cm lang, får den same form som vanleg sild.

Variasjon i antal

Kor mykje sild det er i havet varierer. Nokre år er det lite mat i havet. Dei åra dør det meste av yngelen.

I ein periode blei det fiska for mykje sild. Då blei det mindre sild i havet. Forskarar gir derfor råd om kor mykje det er trygt å fiske. Kvart år blir det fiska fleire hundre tusen tonn sild i Noreg, men talet kan variere mykje frå år til år. Det er Det internasjonale havforskingsrådet, ICES, som gir råd om kor mykje ein bør fiske.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Leif Asbjørn Vøllestad
Professor i biologi, Universitetet i Oslo