Seksuell debut er å ha sex for første gong. Korleis ein gjer det og kor gammal ein er, er ulikt frå person til person.

Første gongen

Det er viktig å kjenne seg klar for sex før ein har det. Mange har høge forventningar til sex for første gong. Men sex er ein aktivitet ein må øve seg på for å meistre. Ofte er det litt klønete første gongen. Når ein har sex, må ein også tenke på prevensjon og å beskytte seg mot seksuelt overførbare infeksjoner.

Dei fleste som har sex for første gang, gjer det fordi dei er forelska. I Noreg er gjennomsnittet for når jenter debuterer rundt 17 år. For gutar er snittet rundt 18 år. Det er heilt normalt å vere eldre eller litt yngre når ein har sex for første gong.

Lovleg sex

Dei som skal ha sex må ha lyst. Om ein skal ha sex med nokon, må ein vere heilt sikker på at den andre har lyst. Er ein ikkje sikker på det, kan ein ikkje ha sex. Dersom ein tvingar nokre andre til å ha sex, heiter det seksuelle overgrep.

I Noreg er det ein seksuell lågalder på 16 år. Det betyr at det er ulovleg å ha sex med nokon som er yngre enn 16 år. Lova er der for å verne barn frå å bli misbrukt av vaksne.

Overgang

I kulturen har det vore vanleg å sjå på sex for første gong som ein stor overgang. Men det skjer faktisk inga endring med kroppen før og etter sex. Det er for eksempel ikkje sant at det finst ei jomfruhinne som blør og blir borte første gong ei jente har samleie. Ein kan ikkje sjå det på nokon om dei har hatt sex før eller ikkje, med mindre dei blir gravide.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Støkken Dahl
Lege