Foto av Skarstein med gullmedalje rundt halsen. Ho sit i robåten sin og smilar med lukka øyne.
Birgit Skarstein var suveren då ho vann gullmedalje i roing under Paralympics i Tokyo, 29. august 2021.

Roing er ein idrett med konkurransar på vatn. Det er om å gjere å komme først frå start til mål. Roarane bruker spesiallaga båtar til ulike konkurransar.

I konkurransar ror ein som regel på innsjøar som er skjerma for vind og ikkje har sterke straumar i vatnet.

Båter

Foto av ein lan båt med åtte roarar og ein cox på vatnet.
Australske roarar i båttypen åttar under OL i Tokyo i Japan. Coxen, James Rook, sit med ansiktet mot roarane Genevieve Horton, Olympia Aldersey, Bronwyn Cox, Giorgia Patten, Sarah Hawe, Georgina Rowe, Katrina Werry og Molly Goodman.
Australske roere under OL i Tokyo i 2021
Av /NTB.

Konkurransebåtane er lette og smale og laga av mellom anna karbonfiber. Båtane er mellom åtte og 20 meter lange og rundt 60 centimeter breie.

Åra har eit bua blad og er mellom tre og fire meter lange. Roarane sit på eit sete som går på skjener for at utøvarane skal kunne bevege beina fram og tilbake medan dei ror.

Dei fleste båtane har ein fast finne under båten for å få betre stabilitet og eit ror lengst bak for å halde retninga i banen sin.

Typar

Roarar bruker ulike båttypar, avhengig av kor mange som ror saman og kva for båt dei har.

I singelsculler er det ein roar i kvar båt, og seks båtar konkurrerar om gangen.

Det finst båtar med plass for to, fire eller åtte roarar. Då sit dei etter kvarandre i båten og ror. Nokre av desse båtane har ein styrmann (cox). Hen sit lengst bak i båten og ser framover, medan dei som ror, sit med ryggen mot målstreken. Ein cox kan mellom anna hjelpe roarane til å halde takta på roinga så båten får bedre fart.

I det som blir kalla scullerbåtar, bruker roarane to årer kvar. I nokre båter bruker roarane éi åre kvar. Coxen har ikkje årer.

I konkurransar ror dei som veg det same mot kvarandre. I lettvekt kan ikkje gjennomsnittsvekta for menn vere meir enn 70 kg for menn og 57 kg for kvinner. I tungvekt kan roarane vege så mykje dei vil.

Reglar i konkurransar

Konkurransar i roing blir òg kalla regatta. 2000 meter er den vanlegaste distansen.

Kvar båt har sin bane som går rett fram. Som oftast er det seks baner ved sidan av kvarandre og seks båtar i kvar runde (heat).

Kvar bane er merkt med bøyer eller linjer for å hjelpe roarane med å halde seg i banen sin. Under konkurransen må roarane halde seg innanfor banen sin og unngå å kollidere med andre båtar.

Dei som vinn i dei første rundane i ein konkurranse, går direkte til semifinalar eller finale. Dei som ikkje vinn, får ein ny sjanse i noko som blir kalla oppsamlingsheat. Dei tre beste i kvar semifinale går til A-finale. Den som vinn A-finalen, vinn heile konkurransen.

Historie

Allereie på 1800-talet blei det arrangert rokonkurransar mellom fleire universitet i både England og USA.

I Noreg blei den første klubben, Fredrikstad Roklubb, stifta i 1877. Roing for menn har vore med i OL frå 1900 og for kvinner frå 1976.

Noreg har fleire verdsmeistrar og olympiske meistrar i roing. Mellom anna har Olaf Tufte to OL-gull og Birgit Skarstein gull i paralympiske leker.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby