Faktaboks

Også kjend som

fjert, fis, flatus

Promp er gass som blir laga i tarmen og som slepp ut gjennom rumpeholet.

Alle menneske prompar. I gjennomsnitt slepp eit menneske ut ein desiliter fis per time. Det er heilt normalt. Som regel er det så lite kvar gong at ein ikkje merkar det sjølv. Nokre gongar kjem det ut så mykje at ein sjølv og dei som er rundt kan lukte det. Nokon gongar lagar det også lyd når prompen kjem ut.

Slik blir promp til

Gassane i promp blir laga i tynntarmen og tjukktarmen i kroppen. Det skjer når bakteriar bryt ned næring frå maten, særleg karbohydrat. Nokre matvarer er vanskelege for kroppen å fordøye sjølv. Desse kan bakteriar spise og lage gassar av. Det kan til dømes vere belgfrukter og kål.

Slik får prompen lukt

Under fordøyinga blir det danna fleire typar gass. Vanlegvis blir det danna mest hydrogen og karbondioksid. Desse luktar ikkje noko. Men bakteriane lagar også mindre mengder metan og merkaptan. Desse gassane luktar vondt.

Sjukdommar

Om ein har veldig mykje gass i magen, kan det gjere vondt. Nokon synest òg det er flautt å prompe så andre høyrer eller luktar det.

Nokre sjukdommar kan gi meir luft i magen, til dømes viss ein er allergisk mot mat eller har feil bakteriar i magen. Laktoseintoleranse og cøliaki er to sjukdommar i tarmen som skuldast ein type allergi. Om ein ofte har mykje gass i magen, kan ein gå til legen og få hjelp.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo