Orientering er ein utandørs idrett. Dei som driv med orientering, bruker kart og kompass. Det er om å gjøre å finne fram til postar på kartet og bruke kortast tid frå start til mål.

Ein som driv med orientering, blir kalla orienteringsløpar.

Ofte blir konkurransane halde i skogen, men det finst òg orientering i parkar og byområde.

Orientering er ein populær aktivitet på fritida for mange.

Utstyr

Det viktigaste utstyret i orientering er kart og kompass. Det blir brukt kart som er laga spesielt for orientering. Karta viser mellom anna detaljar i terrenget, stiar og postane løparane må finne. Kompasset hjelper orienteringsløparen med å finne den nøyaktige retninga.

I løypa er postane merka med det som blir kalla postskjermar. Postskjermane er oransje og kvite. Her må løparen kvittere eller stemple med ei elektronisk brikke.

Orienteringsløparen har ofte ei løpedrakt som dekkjer helle kroppen bortsett frå hovud, hals og armar. På beina bruker ein spesielle orienteringssko med knottar og ofte små piggar. I nattorientering blir det brukt hovudlykt.

I konkurransar i orientering er det ofte deltakarar frå 5 år og opp til over 80 år. Dei yngste og eldste har dei kortaste løypene, mens dei best trena ofte spring lengre.

Øvingar

Det finst konkurranser i fleire ulike øvingar. Dei viktigaste er:

  • Skogsorientering: Dette er den mest vanlege øvinga i orientering. Løypa består oftast av mykje skog, som er ganske ukjend for dei som er med i løpet. Det er ulikt kor lang løypa er, men det er vanleg at utøvarane bruker frå 30 minutt til over ein time frå start til mål.
  • Sprintorientering: Dette er ei ganske ny øving i orientering som har blitt populær dei siste åra. Sprintorientering kan òg gå føre seg i parkar og byområde. Utøvarane bruker ofte rundt 15 minutt frå start til mål.
  • Turorientering: Dette er ein fritidsaktivitet der postane ligg ute ein heil sesong. Alle kan delta i turorientering. Det gjeld å samle så mange postar som mogleg i løpet av sesongen. Ein form for turorientering er Stolpejakt, som har blitt populært mange stader.

Det finst konkurransar i mellom anna nattorientering og stafett og skiorientering om vinteren.

Historie

Orientering oppstod i Noreg og Sverige på slutten av 1800-talet. I byrjinga var idretten mest vanleg blant folk i militæret.

I 1937 blei første NM i orientering arrangert, og i 1945 blei Norges orienteringsforbund stifta. I dag har Norges orienteringsforbund nesten over 23 000 medlemmer i rundt 322 klubbar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby