Foto av Hyperion.

Månar kjem i ulike former og storleikar. På biletet er ein av Saturns små månar, Hyperion. Hyperion er avlang i forma og overflata er full av krater.

Foto av Hyperion.
Av .

Måne er ein himmellekam som går i bane rundt ein planet, dvergplanet eller asteroide.

Jorda har éin måne, og det er Månen.

Månar i solsystemet

I solsystemet er det oppdaga over 200 månar. Planetane Merkur og Venus er dei einaste planetane som ikkje har månar. Planetane Jupiter og Saturn har flest månar. Rekorden er på over 80 månar.

Den største månen i solsystemet er Ganymedes. Den er større enn planeten Merkur. Ganymedes går i bane rundt Jupiter.

Det er også oppdaga månar rundt dvergplanetar og asteroidar i solsystemet.

Månar kan vere runde som ballar eller små og klumpete.

Det blir framleis oppdaga nye månar i solsystemet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Anna Kathinka Dalland Evans
Universitetet i Oslo