En svart himmel og hvitaktige himmellegemer. Veste aer desidert størst og fyller halve bildet. De andre er mye mindre. Fra toppen er det Lutetia, Mathilde, Ida, Eros, Gaspra, Steins, Annefrank og Itokawa.

Ni ulike asteroidar. Biletet viser kor ulike asteroidar kan vere i storleik og form. Vesta er den største himmellekamen som blir rekna som asteroide.

Foto av asteroider
Av .

Asteroide er ein lite, klumpete himmellekam som går i bane rundt Sola.

Asteroidar er laga av metallet jern og av stein. Dei er vanlegvis grå, men nokre asteroidar kan vere meir rødlege. Asteroidar har ofte mange krater på overflata.

Eit område der det har samla seg mange asteroider kalles asteroidebelte.

Asteroidar i solsystemet

Astronomar har sett over ein million asteroidar i solsystemet. Dei fleste av desse asteroidane er i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter. Nokre asteroidar har månar rundt seg.

Asteroidane blei danna samtidig med resten av solsystemet for rundt 4,6 milliardar år sidan. Asteroidane har ikkje endra seg noko særleg sidan den gong. Asteroidar kan derfor fortelje astronomar om korleis forholda var i solsystemet då det blei til.

Asteroidar nær Jorda

Av og til kjem asteroidar veldig nær Jorda. Desse blir kalla jordnære asteroidar. Ein kan følgje med på slike asteroidar ved hjelp av teleskop på bakken og i verdsrommet.

Det er veldig sjeldan at asteroidar fell ned på Jorda. For 66 millionar år sidan var det ein asteroide som trefte Jorda og utsletta dinosaurane og mange andre dyr og plantar.

Romferder til asteroidar

Fleire romfartøy har reist til asteroidar for å ta nærbilete av dei. Nokre romfartøy har landa på asteroidar og teke med seg steinprøver tilbake til Jorda igjen. Eit romfartøy har også blitt krasja inn i ein asteroide for å sjå om det går an å endre banen til ein asteroide på denne måten.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Anna Kathinka Dalland Evans
Universitetet i Oslo