Ei jente som sitter og spiller på en langeleik. Hun har på seg hodetelefoner. På siden av instrumentet står det en mikrofon.

Langeleik er eit gammalt instrument, men blir også brukt i musikk i dag. Her speler Ingeborg Onstad langeleik på innspeling av ein singel til vise-artisten Synvis i 2022.

Foto av Ingeborg Onstad.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Langeleik er eit norsk musikkinstrument med strenger. Det er laga av tre og er langt og smalt. Det varierer kor mange strenger langeleikane har.

Langeleiken er kjend frå 1500-talet. Den blir brukt til ulike typar folkedans og bygdedans. Dei vanlegaste er dansane halling og springar.

Langeleik blir også kalla langleik, langhørpu eller langspel.

Bruk

Langeleiken står på eit bord framfor musikaren. Musikaren bruker høgre hand til å spele på strengene med eit plekter. Peikefinger, langfinger og ringfinger på venstre hand trykkjer strengene ned og bestemmer tonane.

Historie

Langeleiken tilhøyrer ei gruppe instrument som blir kalla siter-instrument. I mellomalderen blei det laga ulike siter-instrument i ulike område i Europa. I Norden blei langeleiken utvikla. Alle siter-instrumenta kom antageleg frå eit eldre instrument med berre ein streng som heit monokord.

Langeleiken spreidde seg rundt i Noreg, og på 1600-talet var han i bruk i det meste av landet.

Frå rundt 1750 blei langeleik mindre brukt. Det var fordi fiolin og hardingfele blei meir populære fleire stader i Noreg.

Nokon stader, mellom anna i Valdres, heldt mange fram med å spele langeleik.

Før blei langeleiken ofte rekna som eit instrument for kvinner. Fleire gamle langeleikar har kvinnenamn skrive på instrumentet. Mange langeleikspelarar var kvinner.

Langeleik i musikken

Musikaren Marit Karlberg har vore med på å gjere langeleiken meir kjend. Ho bruker instrumentet på nye, kreative måtar, mellom anna som akkompagnement til song.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet