En ung, lyshåret gutt som spiller hardingfele.

Audun Rørmark i bandet Unik 4 spelte hardingfele under MGPjr i 2013.

Foto av Audun Rørmark.
Av /NTB.

Hardingfele er eit musikkinstrument som liknar på fiolin. Den blei utvikla i Hardanger i Noreg på 1600-talet. Hardingfele blir ofte kalla for fele.

Hardingfele er eit viktig instrument i norsk folkemusikk.

Bruk

Hardingfeler er laga av tre. Dei har fire strenger som musikaren speler på. I tillegg har fela understrenger. Musikaren speler ikkje direkte på desse strengene, men dei gir ekstra klang. Hardingfela har vanlegvis fire eller fem understrenger.

Ei hardingfele er litt mindre enn den vanlege fiolinen. Fela er smykka med dekorasjonar og har ofte eit utskore dragehovud øvst på halsen.

For å spele på hardingfela, held felespelaren instrumentet på tvers under haka, med den smalaste delen mot venstre. Høgre hand stryk over strengene med ein boge. Fingrane på venstre hand blir pressa ned mot strengene for å setje tonen.

Hardingfele blir brukt i ulike typar norsk folkedans, mellom anna halling. Halling er ein dans med ein eller fleire dansarar. Dansaren skal ofte sparke ned ein hatt frå ein stokk som blir kalla staur.

Historie

svart/hvitt foto av to menn og en kvinne. Mennene spiller på hardingfele. Kvinnen sittet og holder hardingfela i fanget. Kvinnen har på seg bunad. Mennene har svarte dresser.

Tre hardingfelespelarar i Telemark frå ca 1911.

Foto av musikarar.

Hardingfela blei utvikla i Hardanger på 1600-talet. Den blei til ved at ein blanda eldre strykeinstrument med fiolin. Utover 1800-talet blei hardingfela eit populært instrument fleire stader i Noreg, mellom anna i Valdres, Hallingdal og Telemark.

Vanleg fiolin blir også brukt i norsk folkemusikk. Her blir han gjerne kalla vanleg fele eller flatfele. Ein musikar som speler fele, anten hardingfele eller vanleg fele, blir kalla felespelar eller spelemann. Før var det nesten berre menn som spelte fele. No er det også mange kvinner.

Gjennom norsk utvandring på 1800-talet spreidde hardingfela seg til mellom anna USA.

Hardingfele blei eit viktig symbol under nasjonalromantikken på 1800-talet. Mange ser på hardingfela som eit norsk nasjonalinstrument.

Hardingfele i norsk musikk

Tre musikere på en scene. Det er to menn og en kvinne. Alle tre spiller hardingfele.

Hardingfela blir også brukt utanfor den tradisjonelle folkemusikken. Gruppa Valkyrien Allstars bruker hardingfele i meir moderne musikk.

Foto av Valkyrian Allstars.
Av .

Den mest kjende norske hardingfelespelaren var frå Telemark og heit Torgeir Agundsson (1801–1872). Han blei ofte kalla Myllarguten.

Torgeir Agundsson var den første spelemannen som reiste rundt og spelte konsertar med hardingfele. Sigbjørn Bernhoft Osa (1910–1990) frå Voss var ein av dei spelemennene som gjorde hardingfela kjend både Noreg og i utlandet.

Hardingfele og folkemusikk blir òg brukt saman med andre sjangrar. Felespelaren Tuva Syvertsen speler hardingfele i bandet Valkyrien Allstars. Dei har vunne fleire prisar for musikken sin.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet