Faktaboks

krekling

krøkebær

Foto

Krekling vokser på lave busker som vokser langs bakken. De kalles krypbusker.

Krekling er ein plante som får runde blå-svarte frukter om hausten. Krekling veks i heile Noreg. Det er ein type lyng.

Beskriving

Krekling er ein liten busk med små, smale og tjukke blad. Blada er grøne heile året. Busken blir mellom 5 og 30 centimeter høg.

Krekling blomstrar tidleg om våren, gjerne før snøen har forsvunne. Blomane er rødlege og veldig små. I august til september er fruktene modne. Dei er runde blå-svarte steinfrukter. Dei smaker bittert. Fruktene kan plukkast til langt ut på vinteren. Dei smaker litt søtare etter at det har vore frost.

Utbreiing

Krekling veks i heile Noreg. Den er mest vanleg på myr, høgt i fjellet, på mark med lyng og i skog med gran og furu. Krekling finst også i Europa, Asia og i Nord-Amerika.

Bruk

Blada, og nokre gonger fruktene, er viktig mat for ryper om vinteren.

Mange plukkar fruktene for å lage vin, saft og likør.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Vik
Førsteamanuensis, OsloMet – storbyuniversitetet