Intelligens er evne til å oppfatte, tenkje og løyse problem. Intelligens gjer det mellom anna mogleg å tenkje abstrakt eller bruke noko ein har opplevd før for å løyse nye problem.

Det varierer kor intelligente menneske er. Intelligens er delvis noko ein er født med og som kjem frå gena ein arvar av dei biologiske foreldra sine. Det speler òg ei rolle korleis miljøet er rundt ein. Intelligensen forandrar seg gjennom livet.

Bruk

Intelligens seier noko om:

  • kor lett ein lærer nye ting
  • kor god ein er til å planleggje
  • kor lett ein løyser problem
  • kor god ein er til å tenkje kritisk og abstrakt
  • kor lett ein forstår språk
  • kor lett ein forstår nye idear
  • kor god ein er til å sjå kompliserte samanhengar mellom årsak og verknad

IQ

IQ er eit mål på kor intelligent ein person er. Dette blir målt med med ein IQ-test, og IQ-en seier noko om kor godt ein har gjort testen, samanlikna med gjennomsnittet av alle som er like gamle. Ein person kan få ulikt resultat på ulike dagar. Det er avhengig av oppgåvene og korleis ein har det den dagen.

Normal IQ er mellom 85 og 115 poeng. Under 85 poeng blir rekna som lågt. Over 115 poeng blir rekna som høgt.

Forandrar seg

Intelligensen endrar seg gjennom livet. Ein kan lære nye ting og sjå nye samanhengar. Hjernen kan trenast opp til å bli betre til å forstå samanhengar. Då vil intelligensen gå opp.

Ein kan òg ha periodar med dårlegare intelligens. Ein kan gjere det dårlegare på intelligenstestar viss ein til dømes opplever psykiske traume, har problem med å konsentrere seg eller søv for lite.

Intelligens kan påverkast av:

Evnerike barn

Barn med høgare IQ enn det som er vanleg, blir kalla evnerike barn. Desse barna kan synast at skulen er for lett og byrje å kjede seg. Evnerike barn kan difor trenge meir støtte i skulen. Menneske som alltid får for få utfordringar, kan få dårlege arbeidsvanar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Ivar Røssberg
Professor i psykiatri, Universitetet i Oslo